Dette er ei kriminalbok heilt utanom det vanlege, på gresa til ein psykologisk triller. Som vanleg skriv Karin Fossum om dei personane som har fallt utanfor i samfunnet. Du blir kjent med Errki, tidlegare tvangsinnlagd pasient ved ein psykiatrisk klinikk, nå rømt og anklaga for mord. Han er blitt se...
Les hele anmeldelsen
Dette er ei kriminalbok heilt utanom det vanlege, på gresa til ein psykologisk triller. Som vanleg skriv Karin Fossum om dei personane som har fallt utanfor i samfunnet. Du blir kjent med Errki, tidlegare tvangsinnlagd pasient ved ein psykiatrisk klinikk, nå rømt og anklaga for mord. Han er blitt sett av den 12 år gamle barneheimsguten Kannick utanfor huset til den drepne. Same dag blir banken i sentrum rana, og ranaren får med seg eit uvanleg gissel. Det viser seg å vere ein heilt klar samanheng mellom desse to sakene, og det bygger seg oppp til eit intenst psykologisk drama. I denne boka spelar Errki rolla som ulven som blir frykta og hata av bygdefolket, kanskje utan nokon grunn. Med sin stygge, svarte utsjånad, og underlege veremåte og måte og snakke på går han som eit vondt varsel gjennom bygda. Konrad Sejer får sitt livs vanskelegaste oppgåve når han skal prøve å bryte gjennom fordommane og finne ut om Errki verkeleg har drept den gamle dama.
Denne boka har eit heilt fantastisk plott, om enn noko søkt til tider, og er utruleg underholdande! Vel verd å lese!
Lukk
Leseløva
Rating: 5
16.05.06