Den marokkanske jenta Laila blir kidnappa som lite barn og selt som ein gjenstand. Den første eigaren er krevjande, men gjev Laila solid ballast av gode lese-, skrive- og reknekunnskapar. Då ho døyr, startar eit omskifteleg liv som endar i ei lang og bitter erfaringsreise i Europa og USA. Laila knyter ikkje varige band til folk og stader, ho er på reise. Etter kvart skjønar ho at ho må finne tilbake til sin tapte barndoms landsby, for å starte på nytt frå den gata ho ein gong vart fanga. Då kan kjærleikens tid begynne.
Ei seks år gammal marokkansk jente blir kidnappa heimenfrå og selt som tenestejente. Den første eigaren er krevjande, men godhjarta. Ho gir jenta namnet Laila, og lærer henne å lese, skrive og rekne. Då eigaren døyr, blir Laila pressa frå fleire hald og må sjølv kjempe seg til mat og husly. I det omskiftelege livet sitt samlar Laila seg mange bitre erfaringar. Laila knyter ikkje varige band til folk og stader, ho er i drift. For å finne feste i eige liv, søkjer ho etter kvart tilbake til sin tapte barndoms landsby, til den gata der ho ein gong vart fanga.