Til slutt går Bella med på avtalen om å gifte seg med vampyren Edward, for sjølv å kunne bli vampyr. Dei lever lukkelege bryllaupsdagar på ei øy utanfor Brasil, og Bella blir gravid. Denne unike kombinasjonen vekkjer interesse hjå mange, den mektige slekta Volturi i Italia er på vakt. Alle vampyrar ...
Les hele anmeldelsen
Til slutt går Bella med på avtalen om å gifte seg med vampyren Edward, for sjølv å kunne bli vampyr. Dei lever lukkelege bryllaupsdagar på ei øy utanfor Brasil, og Bella blir gravid. Denne unike kombinasjonen vekkjer interesse hjå mange, den mektige slekta Volturi i Italia er på vakt. Alle vampyrar i verda må ta standpunkt, medan Bella kjempar for sitt liv mot fosteret som har monstrøse krefter.
Dette er den siste av dei fire "Twilight"-serien. Boka er delt inn i tre delar. Fyrste del er fortalt av Bella, i andre del fortel shapeshiftaren Jacob om korleis han opplever svangerskapet til Bella, tredje del er om det store og avgjerande slaget.
Eg likar utviklinga til Bella. Ho er sta og vel sine medspelarar med omsyn. Elles er dei andre litt vage. Edward byrjar å bli for passiv: "Om du er lukkeleg, så er eg det òg", Jacob er tullete og Alice forlet dei. Utan å seie så mykje meir, synast eg at boka er litt langtekkjeleg og slutningane som blir drege på sluten burde ha vore lengre. Eg hadde håpa på ein betre avslutning, denne var for enkel. Trass i det var boka underhaldande og vanskeleg å leggje frå seg.
Lukk
Nelle
Rating: 4
28.09.09