Norsk litterær årbok 2018

Nora Simonhjell (Redaktør) ; Benedikt Jager (Redaktør)

Norsk litterær årbok er ein årleg litteratur- vitskapleg antologi. I 2018-utgåva set vi kritisk søkjelys på lyrikkåret, novelleåret og kritikkåret 2017. Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Kirsten Thorups Erindringer om kærligheden, blir lesen som ei bru til heile forfattarskapen. Les mer
Vår pris: 329,-

(Paperback) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Om boka

Norsk litterær årbok er ein årleg litteratur- vitskapleg antologi. I 2018-utgåva set vi kritisk søkjelys på lyrikkåret, novelleåret og kritikkåret 2017. Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Kirsten Thorups Erindringer om kærligheden, blir lesen som ei bru til heile forfattarskapen.

Walter Baumgartner viser korleis dei litteraturhistoriske vurderingane av Dorothe Engelbretsdotters dikt som tekstar frå ei tåreperse botnar i feillesingar. Anemari Neple løftar fram Gunvor Hofmos dikt «Angola». Her har Hofmo ei opning mot det kollektive og fellesskapen. Geir Hjorthol lyttar etter musikken i Dag Solstads 16.07.41, medan John Brumo sporar Edvard Hoppers måleri i Frode Gryttens noveller.

Årboka inneheld vidare artiklar om patriarkat, erotikk og homososialitet
hos Vesaas og Sveen og ein analyse av framstillingsteknikkane i Roald Amundsens Nordvestpassasjen. Beretning om Gjøa- ekspedisjonen 1903-1907. Årboka blir avslutta med ein litteraturdidaktisk bolk med tre artiklar som tek for seg litterære samtalar som metode, og argument for den sakte, grundige nærlesinga.

Fakta