Meny

Etter folkemordet. 1945-

Korleis var det for jødane å komme heim til Noreg etter krigen?

Folkemordet på jødane er ei av dei mest ekstreme og brutale hendingane i verdshistoria. Korleis såg tida etter ein slik fundamental katastrofe ut?

I denne boka undersøker historikar Ingjerd Veiden Brakstad korleis det var for jødane å komme attende til Noreg etter frigjeringa i 1945. Les mer
Vår pris
218,-
Spar
31,-

Veil. pris: 249,-  (Paperback)
Leveringstid: Ventes til lager 20.10.21

Paperback
Legg i
Paperback
Legg i
Vår pris: 218,-
Spar: 31,-

Veil. pris: 249,-  (Paperback)
Leveringstid: Ventes til lager 20.10.21

Om boka

Korleis var det for jødane å komme heim til Noreg etter krigen?

Folkemordet på jødane er ei av dei mest ekstreme og brutale hendingane i verdshistoria. Korleis såg tida etter ein slik fundamental katastrofe ut?

I denne boka undersøker historikar Ingjerd Veiden Brakstad korleis det var for jødane å komme attende til Noreg etter frigjeringa i 1945. Dei norske jødane hadde mista alt og skulle nå forsøke å skape seg eit liv igjen i ruinane av det gamle. Mange var åleine igjen, alle hadde dei mista nokon. Og for dei som kom heim, var det slett inga sjølvfølge å snakke om det som hadde hendt dei.

Forfattaren tek utgangspunkt i Holocaust sine etterverknader i Noreg, men set også den norske folkemordshistoria i eit vidare perspektiv. At nordmenn har vore offer for, men også deltatt i, folkemordet på dei europeiske jødane, står framleis som eit av dei mørkaste punkta i historia vår og et seg vanskeleg føre inn i ei oppbyggeleg nasjonal forteljing. Boka fortel om korleis vi som samfunn har strevd med å relatere til Noreg som stad og nordmenn som offer for folkemord.

Boka er ein del av Samlagets serie KRISETID - bøker om verdas historiske kriser skrivne av nokre av våre fremste fagfolk.

Ingjerd Veiden Brakstad (f. 1979) er historikar med folkemord som spesialfelt. Ho arbeider særleg med spørsmål knytte til tida etter folkemord og korleis ugjerninga blir forstått og skildra av fjerne og nære tilskodarar - i både samtid og ettertid. Brakstad er frå Trondheim og har doktorgrad frå NTNU. Ho har jobba ved Universitetet i Oslo og er i dag tilsett ved HL-senteret.

Fakta