Ta kaka
Åse Kongsvik ; Kari Støfringsdal ; Heidi Brunstad-Øyehaug ; Oskar Andersen (Illustratør)
«Ta kaka er ei vakker bok som byr på både kunnskap og freistingar av alle baksteslag...Denne må ein berre ha. Gå heim og bak!»
TA KAKA Frå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon
når noko skal feirast på Vestlandet. TA KAKA serverer for første gong vestlandskakene på eitt brett. Les mer
- Vår pris
- 443,-
(Innbundet)
Fri frakt!
Leveringstid:
Sendes innen 3 - 10 dager
Innbundet
Legg i
Innbundet
Legg i
Vår pris:
443,-
(Innbundet)
Fri frakt!
Leveringstid:
Sendes innen 3 - 10 dager
TA KAKA Frå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon
når noko skal feirast på Vestlandet. TA KAKA serverer for første gong vestlandskakene på eitt brett. Dette er ei norsk kakebok
der kakene vert sette inn i ein større kulturhistorisk og geografisk samanheng. TA KAKA er ei reise i tid og rom: vi ser
på utviklinga frå dei første enkle bakverk i tidleg mellomalder og fram til dagens moderne kakekunst. Boka er òg ei reise
på Vestlandet, frå Egersund i sør til Kristiansund i nord. Kaketradisjonar frå bygd og by er med, ikkje minst frå "kakehovudstaden"
Bergen. TA KAKA inneheld kring 200 oppskrifter frå heile Vestlandet og er rikt illustrert. Lat deg inspirere av flotte bilete
til spennande kakebakst! Hovudfotograf er Oskar Andersen. Åse Kongsvik (f.1962) driv Henjatunet gardskjøken i Leikanger,
der ho serverer festmat med lokale, økologiske råvarer. Kari Støfringsdal (f.1947) er bondekone i Jølster og har sentrale
verv i Norges bygdekvinnelag. Ho er utdanna faglærar i husstell, og held mange kurs og føredrag om mat. Åse og Kari har tidlegare
skrive bøkene "Fjordamat - Kokeboka for Sogn og Fjordane" og "Alle tiders Fjordamat - til høgtider og merkedagar", begge Selja
Forlag. Heidi Brunstad-Øyehaug (f.1962) er lærar ved Høgskulen i Volda, avd. heimkunnskap. Ho har tidlegare skrive boka "Bakebok
for mannfolk - og folk flest".
- FAKTA
-
Utgitt:
2005
Forlag: Selja forlag
Innbinding: Innbundet
Språk: Norsk Nynorsk
Sider: 223
ISBN: 9788291722566
Utgave: 1. utg.
- KATEGORIER:
- VURDERING
-
Gi vurdering
Les vurderinger