Sceneskifte
«Intens roman om å kjempe for den ein er [...] Hestad gjer ein vellukka debut med ein dramatisk roman om mobbing, kjønnsidentitet og samhald mellom unge [...] Romanen verkar alt i alt godt gjennomarbeidd.»
Astrid Fosvold, Periskop
Kjærasten til Alex har slått opp med ho utan forklaring. Alex blir mobba av dei andre jentene i klassen fordi ho er skeiv, og samstundes må ho førebu seg til den første konserten med bandet sitt.
Når alt ser som mørkast ut, begynner det ein ny gut i bandet.
Les mer
Når alt ser som mørkast ut, begynner det ein ny gut i bandet. Mika har tjukt, mørkt hår, holete jeans og speler bass som ein gud. I tillegg ser han ut til å vere interessert i Alex. Men kvifor blir Alex interessert i Mika, ho liker jo jenter? Kva er det eigentleg som gjer Mika så sjølvsikker? Tør Alex i det heile tatt ta sjansen på å forelske seg att?
Sceneskifte er ein ungdomsroman som på ein truverdig og engasjerande måte tematiserer forelsking, seksualitet og kjønnsroller.
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Norsk Nynorsk
- Sider
- 167
- ISBN
- 9788234010163
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2023
- Format
- 21 x 14 cm
Les utdrag
Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag herBla i boka
Anmeldelser
«Intens roman om å kjempe for den ein er [...] Hestad gjer ein vellukka debut med ein dramatisk roman om mobbing, kjønnsidentitet og samhald mellom unge [...] Romanen verkar alt i alt godt gjennomarbeidd.»
Astrid Fosvold, Periskop
«Det som først og fremst får Sceneskifte til å skilje seg frå andre ungdomsbøker, er den frie og opne tonen rundt søken etter eigen seksualitet. [...] At Hestad let hovudpersonen både vere overtydd om at ho er lesbisk, og tvilande rundt sin eigen konklusjon, utan at dette blir problematisert, er ein fin kvalitet ved romanen [...] alt i alt plasserer Sceneskifte seg fint i eit tidsbilete der grensene mellom seksualitetar og kjønn er i ferd med å bli mindre rigide.»
Ingrid Senje, Barnebokkritikk