Min side Kundeservice Bli medlem

På flukt

roman

Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho står i inngangen til ein bygard, men forsvinn før dei finn ut kva ho vil. Les mer

279,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho står i inngangen til ein bygard, men forsvinn før dei finn ut kva ho vil. Bad ho dei om hjelp?
Neste dag er jenta der igjen, og snart blir Bente og Henrik involverte i flukta hennar for å koma unna eit tvangsekteskap og ein familie som er villige til å begå æresdrap.
Magnhild Bruheim skriv spennande om ungdommar som hamnar i livsfarlige situasjonar. På flukt er den tredje boka i den populære serien om Bente og Kami.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788234004049
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Serie
Bente og Kami 3

Lytt til utdrag

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

O
Ole – 12.08.2010

– I denne boka er handlinga lagt til det fleirkulturelle miljøet i Oslo. Hovudpersonane tek på seg å skjule ei som er på rømmen. Familien hennar vil sende henne til heimlandet sitt, der ho skal bli tvangsgift. I starten ser det ganske enkelt ut, men så kjem familien på sporet og det vert dramatisk. Boka tek utgangspunkt i ungdommen sin teknologiske kvardag, og gjer bruk av både mobiltelefon og Internett som ein integrert del av teksten. Ungdom kan dermed kjenne seg igjen i det som skjer. Teksten er spennande, og samtidig er det lærerikt å lese om hovudpersonen sine eigne tankar om sin situasjon. Det å leve på flukt er ikkje eit attraktivt liv, og det er nok mange jenter som må leve slik også i Norge i dag. På den måten gir denne spenningsromanen eit større perspektiv på samfunnet vårt.

Oppdag mer

Bøker som ligner på På flukt:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv