Min side Kundeservice Bli medlem Slik virker medlemskapet

«ei velskriven hyllest til Vestlandet [...] Ingebrigtsen får fram dei ulike kjenslene og usikkerheita som kan råde i ungdomstida på ein truverdig måte på velskriven nynorsk. Det gjer at det ikkje er mykje anna å seie om denne romanen enn at han er fin. Og at Ingebrigtsen er ein forfattar eg gler meg til å høyre meir ifrå.»

Janicke Totland, Framtida
Ungdomsroman om forelsking, forviklingar og ein litt annleis pappa.

Oda er 16 år og bur saman med faren og besteforeldra sine i ei lita bygd på Vestlandet. Ho gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren og til å vise han den vakre naturen på heimplassen sin. Men når Daniel kjem til bygda, blir sommaren ganske annleis enn ho først hadde tenkt seg. Kvifor dukkar han alltid opp der ho er, og irriterer henne? Og kvifor masar han om at ho må flytte frå bygda? Les mer
329,-
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Ungdomsroman om forelsking, forviklingar og ein litt annleis pappa.

Oda er 16 år og bur saman med faren og besteforeldra sine i ei lita bygd på Vestlandet. Ho gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren og til å vise han den vakre naturen på heimplassen sin. Men når Daniel kjem til bygda, blir sommaren ganske annleis enn ho først hadde tenkt seg. Kvifor dukkar han alltid opp der ho er, og irriterer henne? Og kvifor masar han om at ho må flytte frå bygda?

Samstundes må Oda takle ein pappa som drikk for mykje, og som har starta pub for turistane heime i stova si. Kan han ikkje vere meir til stades for ho i staden for å leve i fortida?

Vi følger Oda gjennom nokre dramatiske dagar der ho strevar med å akseptere faren si rolle som bygdeoriginal, samtidig som ho prøver å finne ut av kjenslene sine for kjærasten Sondre og Daniel.

Terningkast 5! «ei velskriven hyllest til Vestlandet [...] Ingebrigtsen får fram dei ulike kjenslene og usikkerheita som kan råde i ungdomstida på ein truverdig måte på velskriven nynorsk. Det gjer at det ikkje er mykje anna å seie om denne romanen enn at han er fin. Og at Ingebrigtsen er ein forfattar eg gler meg til å høyre meir ifrå.» - Janicke Totland, Framtida

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
155
ISBN
9788234007941
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Originaltittel
Eg blir her
Format
21 x 14 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«ei velskriven hyllest til Vestlandet [...] Ingebrigtsen får fram dei ulike kjenslene og usikkerheita som kan råde i ungdomstida på ein truverdig måte på velskriven nynorsk. Det gjer at det ikkje er mykje anna å seie om denne romanen enn at han er fin. Og at Ingebrigtsen er ein forfattar eg gler meg til å høyre meir ifrå.»

Janicke Totland, Framtida

«Den andre ungdomsromanen til Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er ein velskriven og engasjerande roman om kjærleik og forelsking, om å høyre til på bygda og å lære seg å leve med ein pappa som målar, speler gitar og syng, men også drikk for mykje. (...) Forfattaren bruker eit moderne og stilsikkert nynorsk som fangar inn ein ungdommeleg uttrykksmåte.»

Reidun Kydland, Nynorskbok.no

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Eg blir her:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Ljå

Neal Shusterman
Innbundet 
299,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv