– Fantastisk bok!!
Oskar og eg
«Maria Parrs nye barnebok er rent gull – og Parr befester sin posisjon som en av de beste barnebokforfatterne her til lands. ... På alle vis er dette en bok som er skrevet i øyehøyde med barna.»
Kristine Isaksen, VG
Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm historie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er.
Les merLogg inn for å se din bonus
Noregs svar på Astrid Lindgren!
Maria Parr har fått mange gjæve prisar for sine hjartevarme, humoristiske og kloke bøker, blant anna Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar.
Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte.
Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm historie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er.
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 196
- ISBN
- 9788234011450
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2023
- Originaltittel
- Oskar og eg
- Format
- 21 x 15 cm
- Nr
- 8218498
- Priser
- Nynorsk barnelitteraturpris 2023
Om forfatteren
Maria Parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs superstjerne! Ho har fått oss til å humre og le og bli klokare med Vaffelhjarte (2005) og Tonje Glimmerdal (2009), og har fått mange gjeve prisar både i Noreg og utlandet for bøkene sine, som Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen. Bøkene hennar kan lesast i over 30 land. Ho blir samanlikna med både Johanna Spyri som skrev klassikaren Heidi og Astrid Lindgren.
Åshild Irgens (f. 1976) har skapt dei fine teikningane i boka. Ho er illustratør og har illustrert ei rekkje barnebøker og lettlesbøker, blant anna Maria Parrs Tonje Glimmerdal.
Lytt til utdrag
Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven
Les utdrag
Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag herBla i boka
Anmeldelser
«Maria Parrs nye barnebok er rent gull – og Parr befester sin posisjon som en av de beste barnebokforfatterne her til lands. ... På alle vis er dette en bok som er skrevet i øyehøyde med barna.»
Kristine Isaksen, VG
«Ei Parr-bok i livet skulle alle ha. ... Maria Parr treng verken fantasy-element eller store bokstavar for å skape spanande historier. Det er kvardagen ho skildrar: små, hyggelege hendingar som til saman fyller det verkelege livet. ... Dessutan plukkar ho opp latteren som ligg bak kvar ein sving når ein er åtte, eller fem, og har så mykje ein skal oppdage.»
Anne Cathrine Straume, NRK
«Finst det eit barn å lese for rundt deg, har du ein ting å gjere: Les «Oskar og eg»! ... Boka er som ein kakepose med alt som er godt: nære stadar, kjende scener, nye uttrykk og eit mylder av bilete, både i språket og i illustrasjonane.»
Janne Karin Støylen, Bergens Tidende
«Maria Parrs nye barneroman er en hyllest til barndommens steder: lekehytten, gulvete i klesskapet, baksetet i bilen»
Guri Fjeldberg, Aftenposten
«I Oskar og eg skjer det helt vanlige ting med helt vanlige barn. Men Maria Parr tegner opp et stort univers i den lille bygda deres»
Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen
«Med sin nye barneroman syner Maria Parr og Åshild Irgens fram at det ikkje trengst stor dramatikk eller overordna konfliktar for å skape stor barnelitteratur.»
Ingrid Senje, Barnebokkritikk.no
«Den vesle romanen Oskar og eg. Alle plassane vi er er rett og slett ein liten skatt.»
Karen Frøsland Nystøyl, Vårt Land
«Ny bok av Maria Parr - heldige alle som veks opp med slike forteljingar!»
Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Nynorskbok