Min side Kundeservice Bli medlem

Mi kyrkjebok 4

Mi Kyrkjebok 4 er ei variert og mangfaldig kyrkjebok som tek utgangspunkt i dei kvardagslege hendingane til fireåringen. Frå det kjente og nære kan barnet bli med inn i bibelforteljingar, varierte kunstbilete, songar, salmar og enkle liturgiske ord og uttrykk. Les mer

204,-
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Mi Kyrkjebok 4 er ei variert og mangfaldig kyrkjebok som tek utgangspunkt i dei kvardagslege hendingane til fireåringen. Frå det kjente og nære kan barnet bli med inn i bibelforteljingar, varierte kunstbilete, songar, salmar og enkle liturgiske ord og uttrykk. Dette har blitt ei lett og glad bok som både barn og vaksne vil like. Teikneseriane om Bo og Nora spreier humor og glede. Dei skjønnlitterære stykka om barna binder boka saman og gjer songar, bilete og forteljingar meir kvardagsnære og sanselege. Boka inneheld 9 kjente forteljingar frå Bibelen. Desse er gjenfortalt for barn av Paul Leer-Salvesen. Bibelforteljingane er illustrerte med kvart sitt kunstbilete som omhandlar og utfyller forteljingane. Bilda har forskjellig uttrykk og stil og er henta frå ulike epokar. Mi Kyrkjebok 4 har heile 27 songar og salmar med noter, tekstar og besifring. Mange av songane er kjente klassikarar med lange tradisjonar, men det er også nokre nyare. Til boka finns det eit aktivitetshefte med tittelen Gjere sjølv. Både boka og heftet er også gitt ut på bokmål.

Detaljer

Forlag
IKO-forlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
81
ISBN
9788282490153
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2011
Serie
Min kirkebok 4

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Mi kyrkjebok 4:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv