Min side Kundeservice Bli medlem

Song for deg og meg

Odd Nordstoga, ein av våre mest populære musikarar, artist, låtskrivar og komponist, er redaktør for boka og har gjort eit breitt utval som vi trur alle songglade vil ha stort utbyte av.
Denne boka er ein songskatt for born i alle aldrar, både i førskule og barneskule. Les mer

318,-

349,- Spar: 31,-

Innbundet
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Odd Nordstoga, ein av våre mest populære musikarar, artist, låtskrivar og komponist, er redaktør for boka og har gjort eit breitt utval som vi trur alle songglade vil ha stort utbyte av.
Denne boka er ein songskatt for born i alle aldrar, både i førskule og barneskule. Her er eit godt utval av songar på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, nyare songar, songar til skjemt og høgtid. Her er songar frå den tradisjonsrike, gamle songskatten frå Vinje, Garborg og Sivle, men også nyskrivne melodiar til både eldre og nyare, kjende og ukjende tekstar. Utanlandske songar er omsette, og ikkje minst inneheld boka fleire songar som har vorte store slagerar. Fleire av Nordstoga sine eigne populære songar er også med.

Songane er illustrerte med omtanke og teft av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Dette er ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
198
ISBN
9788252183450
Utgave
2. utg.
Utgivelsesår
2014
Format
22 x 20 cm

Bla i boka

Medlemmers vurdering

L
LMtJ – 18.01.2007

– Me fekk denne boka i gåve då sonen vår var berre eit par månader. Eg bladde då gjennom ho, overraska over at det fanst ei såpass gjennomarbeidd og flott songbok på nynorsk. For boka er strålande - kjempekjekk viss du kan litt gitar eller piano, for her får du noter og relativt enkel besifring. Eg syng nok nokre av desse songane for veslemann, men endå er han nok for liten til at me har fullt utbyte av boka - eg trur me vil få mykje større glede av ho når han vert 4-5 år, og me kan få lære han dei songane me song som barn. Ei bok som truleg vil vare lenge, og som bringer fram mykje gjensynsglede og blid, mimrande nynning.

Oppdag mer

Bøker som ligner på Song for deg og meg:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

ABC

Signe Torp
Innbundet 
227,- 249,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv