Min side Kundeservice Bli medlem

Norske sjørøvarar

om plyndring og kapring i norske farvatn

Spennande korte historier om det som verkeleg har hendt.

Dei kjempa og slost, drap og blei drepne. For sjørøvarane var livet blodig alvor. På utsida av samfunnet, som lovlause sjømenn, har dei i tusenvis av år gjort havet farleg folk som siglar rundt med varer. Les mer

199,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Spennande korte historier om det som verkeleg har hendt.

Dei kjempa og slost, drap og blei drepne. For sjørøvarane var livet blodig alvor. På utsida av samfunnet, som lovlause sjømenn, har dei i tusenvis av år gjort havet farleg folk som siglar rundt med varer.

Somme kom frå Noreg. Andre høyrde heime i andre land, men kom til havområda utanfor Noreg for å røva. For dei som blei tatt, venta som regel ein dødsdom.

Historia om dei verkelege sjørøvarane handlar om sjømenn som kom frå fattigdom, men drøymde om rikdom. Men det er òg historia om korleis ulike kongar og dronningar har brukt alle tenkelege verkemiddel for å kjempa til seg makt.

Som i dei fire førre sakprosabøkene for unge (Den norske slavehandelen, Nattmannen, Lepra og Pest og plage) tar Totland også her for seg internasjonale fenomen med eit norsk perspektiv. Bøkene har til felles at dei handlar om ukjende, mørke sider ved norsk historie.

Dette er spennande og lett tilgjengelege bøker for barn og unge som liker korte historier om det som verkeleg har hendt.

Detaljer

Forlag
Gyldendal
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788205561137
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022

Les utdrag

Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Norske sjørøvarar:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv