Røff guide til Bibelen
Bibelen er både verdslitteratur og heilag skrift, den mest utbreidde boka på jordkloden. Les mer
Bibelen er både verdslitteratur og heilag skrift, den mest utbreidde boka på jordkloden. Bibelen er trusgrunnlaget for over to milliardar kristne og ein grunnstein i den vestlege sivilisasjonen. Også her i Noreg har Bibelen sett eit tydeleg preg på språk, kultur og samfunnsliv. Men veit vi eigentleg kva som står i han?
Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har skrive ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Du kan ikkje alt om Bibelen etter å ha lese denne boka, men du kan ganske mykje meir enn dei fleste.
Alf Kjetil Walgermo (født 1977) er journalist og forfattar. Han jobbar som kulturredaktør i Vårt Land, og har skrive fleire kritikerroste bøker for barn, ungdom og vaksne.
- FAKTA
-
Utgitt:
2017
Forlag: Samlaget
Språk: Norsk Nynorsk
ISBN: 9788252192889
Utgave: 1. utg.
Format: EPUB
Filstr: 1.2 MB
Vannmerket
- KATEGORIER:
- VURDERING
-
Gi vurdering
Les vurderinger