Min side Kundeservice Bli medlem

Før jeg brenner ned

De er to stille og skoleflinke gutter. Den ene setter hjembygda i brann idet den andre bæres til dåpen. Dåpsbarnet Gaute Heivoll skal mange år senere fjetre bok-Norge med sin fortelling om hendelsene. Før jeg brenner ned er en usedvanlig historie, og en sjeldent rystende roman, om flammene i ens eget liv. Les mer

79,-

285,- Spar: 206,-

Utsolgt

Seinsommaren 2010 spreidde ryktet seg som grasbrann i knusktørre skogar. Ein ny roman av ein ukjend forfattar blei boka alle skulle lese. Kritikarane var euforiske. Utanlandske forleggjarar slåss om rettane. Historia om ei 32 år gamal pyromansak på Sørlandet suste inn på bestseljarlistene, feia unna kioskveltarar og krimstorleikar, og blei der. Slikt skjer ikkje ofte. Det må ei uvanleg god bok til, ei bok som Før jeg brenner ned.

En ung forfatter med stor F.
Ingvar Ambjørnsen

På omslaget lyser alvorlege barneauge frå eit gamalt, kolorert fotografi. Barnet liknar ei dokke. Det skal vise seg å vere far til forfattaren. På forfattarportrettet kan ein kjenne att det same alvoret i blikket til Gaute Heivoll. Så er då også Før jeg brenner ned ei bok om sjølve livet, og om døden, om kven vi eigentleg er og kva som gjer oss til det vi er. Samstundes er det noko lett over forteljinga, lett som nattgamal is på Livannet, det vatnet Gaute Heivoll stadig vender tilbake til i romanen sin. Kanskje er det poetiske språket og dei mange naturskildringane med på å gi meg denne kjensla, eller kor elegant Heivoll får dei ulike historiene og tidslaga til å flyte i kvarandre, flyte vidare saman, utan å forvirre lesaren. Kanskje kjem den lette kjensla rett og slett av den thrilleraktige uhygga som heile tida driv oss vidare.

Nådeløst spennende og nær sagt fullkomment fortalt om flammer,
foreldre og den tynne grensen mellom sykt og friskt.
Annette Orre, Dagsavisen

Mesteparten av romanen føregår nokre dramatiske vårdagar i 1978. Gaute Heivoll sjølv er nyfødd. Brannane herjar. Angsten breier seg i bygda, saman med lukta av sot og oske. Tettast kjem vi på Johanna og Olav, det aldrande paret som er dei første som får sjølve huset sitt brent ned, og på brannsjefen og familien hans. Forfattaren tek oss også med til 1998, då far hans får kreft, blir mindre i joggedressen sin, får større auge, blir vanskeleg å vere i nærleiken av - og å snakke sant til. Her er vi ved noko av kjernen i boka.

Gaute Heivolls nye bok er rå forteljekunst av
beste merke, ei eksistensiell skrekkhistorie
frå den fremste blant dei unge.
Edvard Hoem

For Før jeg brenner ned er også ei bok om den ubrytelege, umoglege kjærleiken mellom foreldre og barn, den som går som ein nesten usynleg gulltråd frå den milde tipp-tippoldefaren til Gaute og heilt ned til den vesle sonen han sjølv ber til døypefonten i Finsland kyrkje, akkurat slik far hans bar han 30 år tidlegare. Vi føler kloa i brystet til den unge Gaute Heivoll som veit at faren skal døy, som kjenner livet rakne rundt seg. Han klarar ikkje studere, klarar ingenting, berre gå på biblioteket for å lese bøker, dag etter dag. Vi skjønar det når farmora til Gaute etter gravferda til son sin skriv i dagboka si at "Eg er lagd i jorda". Vi føler med Olav og Johanna som har mista son sin og som no også mistar heimen han voks opp i. Og vi deler fortvilinga til brannsjef Ingemann og Alma då det byrjar gå opp for dei at noko er frykteleg gale med den etterlengta son deira, han som alltid har vore så god, så flink, så elska.

Han må leses!
Finn Stenstad, Tønsberg Blad

Mykje har vore skrive om at Gaute Heivoll har lånt frå verkelege hendingar og personar i diktinga si. Journalistane valfarta til Finsland for å intervjue folk der om boka. Dei fann neppe det dei var på jakt etter. Dei fann ikkje sinne eller bitterheit. Dei fann eit folk like mildt som Heivoll har skildra det, eit folk som hadde skjønt det. For sjølv om Heivoll har lånt byggjesteinar frå verkelegheita, er dette først og fremst ein roman. Når den aldrande farmora til Heivoll blir levande for oss, der ho står i den svarte badedrakta si på det undersjøiske fjellpartiet 30 meter ute i Homevannet og smiler mot mannen sin, er det ikkje fordi ho har levd, men fordi Gaute Heivoll er ein eminent forteljar. Når vi kjenner sorga til Johanna der ho sit med avsvidde augebryn og skjønar at tennene hennar er borte, tekne av flammene, er det fordi forfattaren har skrive seg sjølv og oss inn i hjartet hennar. Og når vi ikkje skjønar kvifor alt dette måtte skje, men på forunderleg vis likevel skjønar det, er det fordi Gaute Heivoll har skrive ein stor og klok roman, ei bok som grip tak i deg, skremmer og varmar, som ikkje slepper igjen, men brenn som eit stille lite lys inne i deg.

Detaljer

Språk
Norsk Bokmål
ISBN
9788252577785
Utgivelsesår
2011
Nr
9020810

Medlemmers vurdering

Bøker som ligner på Før jeg brenner ned:

Se flere

429 Too many requests

Error 429 Too many requests

Too many requests

Guru Meditation:

XID: 49361020


Varnish cache server

429 Too many requests

Error 429 Too many requests

Too many requests

Guru Meditation:

XID: 49361021


Varnish cache server

429 Too many requests

Error 429 Too many requests

Too many requests

Guru Meditation:

XID: 49361022


Varnish cache server

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv