Min side Kundeservice Bli medlem

Den bortkomne faderen

Den aldrande Gunnar Hòve, som me kjenner som son av Enok i romanen Fred, fører dagbok for å finne samanheng og meining i livet sitt. Som ung skauv han garden frå seg og reiste til Amerika. No er han heimkomen, men heimen er seld og faren er borte. Les mer

299,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Den aldrande Gunnar Hòve, som me kjenner som son av Enok i romanen Fred, fører dagbok for å finne samanheng og meining i livet sitt. Som ung skauv han garden frå seg og reiste til Amerika. No er han heimkomen, men heimen er seld og faren er borte.

Teksten gir eit gripande møte med eit menneske som prøver å finne rotfeste i ei tid der gamle sanningar er knuste av modernitetens nye tankar og vitskapar. Gunnar leitar etter Faderen, men finn heller seg sjølv i møtet med sin eigen bror.

Den bortkomne Faderen (1899) er Arne Garborgs kortaste og vakraste roman, ein poetisk og musikalsk tekst om dei meiningssøkande spørsmåla i livet.

«Den burtkomne Faderen er for mig som en Kvintesents av alle Biblers Bibler. Den vil komme til at staa i Eftertiden, som de hellige Bøger, der er os opbevaret gjennem snart Aartusender.» - Amalie Skram 1899

Denne lydboka tek utgangspunkt i førsteutgåva Den burtkomne Faderen frå 1899, og er modernisert av Sigbjørn Reime.

Denne tonesette lydboka blir lest av skodespelar Torbjørn Berglund Eriksen, som også har komponert og spelt inn musikken.

Særskild takk til Nasjonalt Garborgsenter og Inger Undheim.
Stor takk til Sigbjørn Reime.
Takk til Kulturrådet og til Stavanger kommune.
Takk til Jan Gunnar Røise for lån av musikalsk tema i kapittel 32.
Takk til Inger Dillan Antonsen for løyve til bruk av måleriet «Illusion» (omslag).

Detaljer

Forlag
Pelikanen
Språk
Nynorsk
ISBN
9788283831207
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Originaltittel
Den bortkomne faderen

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Den bortkomne faderen:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv