Min side Kundeservice Bli medlem

Om det å lafte

Band 2 : Hus, hogge, tømmer og skog

Dette er band 2 i serien om det å lafte. Denne boka rettar blikket sitt i litt andre retningar enn band 1. Vi går gjennom det vi kallar kategoriar av hus, bruksføremål for ymse lafta hus, der vi også kjem inn på ordtydingar. Les mer

739,-
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Dette er band 2 i serien om det å lafte. Denne boka rettar blikket sitt i litt andre retningar enn band 1. Vi går gjennom det vi kallar kategoriar av hus, bruksføremål for ymse lafta hus, der vi også kjem inn på ordtydingar. Dei er både løglege og av og til overraskande.
Vi granskar stokkformer i mellomalderhus. Dei har gjeve oss mange spørsmål og som vi freistar å svara på. Men framleis står det att mange spørsmål vi ikkje har funne svar til.
Det går fram av band 1 at Noreg har ein vilter flora av ulike slags laft. I dette bandet freistar vi å gjera ein ny vri når det gjeld systematikken. Framlegget vårt baserer seg på prosessen. For den som skal lafte, er det prosessen som gjeld. Handverket er vegen fram til målet. Lafting er etter sin tradisjon å arbeide med øks. Men i dag er ikkje øksa like godt kjend for alle som ho var. Å kunne arbeid lett, ledig og presist med øks er eit vilkår for å kunne ha glede av å lafte. Difor har vi med eit kapittel om bruk av øks.
Å lafte er å arbeide i tre. Laftaren treng difor omfattande vitande om tre som material. I denne boka utgjer trematerialar eit stort innslag. Det dreiar seg både om treteknologi og om det å skjøtte skog og å nytte material. Vi er inne i ei klimakrise som har med å gjera at det er aukande mengd av drivhusgassar i atmosfæren. Å byggje hus av tre er ein del av løysinga på dette problemet. Ein kg tømmer lagrar to kg CO2. Tømmerhus er bra!

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
220
ISBN
9788245023527
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2018
Format
25 x 18 cm
Serie
Om det å lafte 2

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Om det å lafte:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Skigard

Pål Gunnar Mikkelsplass
Innbundet 
363,- 399,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv