Min side Kundeservice Bli medlem

Brev til ein ung diktar

"Eit kunstverk er godt, i den grad det oppstod av naudtvang. På kjelda det kom av, skal domen fellast: Det finst ingen annan. Difor, min vyrde ven, veit eg inga anna råd enn det å gå i deg sjølv og sokne djupnene livet spring fram av; ved kjelda der finst svar på om skape er noko du må. Les mer

249,-
Innbundet
Ventes til lager 13.06.2024

Logg inn for å se din bonus

"Eit kunstverk er godt, i den grad det oppstod av naudtvang. På kjelda det kom av, skal domen fellast: Det finst ingen annan. Difor, min vyrde ven, veit eg inga anna råd enn det å gå i deg sjølv og sokne djupnene livet spring fram av; ved kjelda der finst svar på om skape er noko du må." Kan eit ungt menneske satse på den djupaste lengten det har i seg? Droppe ein trygg karriere og å våge kunstens veg? I den unge kadetten Franz Xaver Kappus stod denne striden. Han søkte råd frå Rilke, som sjølv hadde militær erfaring. Svaret var, det kan berre du finne ut: "Spør framfor alt, i natta sin stillaste time: må eg skrive? ... Du er så ung, og så godt eg berre formår vil eg be deg, ber over med alt som er uløyst i hjarta ..." Her skriv òg Rilke dei berømte orda om parforholdet som "ein kjærleik der to einsemder grensar, hegnar og helsar kvarandre". Korrespondansen som oppstod mellom dei - Brev til ein ung diktar - er sidan lesen og elska av unge som gamle - diktarar eller ei. Om RAINER MARIA RILKE (fødd i Praha i 1875 og død i Sveits i 1926) sa Robert Musil: "Denne store lyrikaren har ikkje gjort anna enn for første gongen å skrive fullkomne dikt på tysk." Legendarisk er lynnedslaget av inspirasjon i middelaldertårnet Muzot i Sveits vinteren 1922, då dei to hovudverka Die Sonette an Orpheus og Duineser Elegien kom til i løpet av eit par veker. Han skreiv dikt frå eit sinn utsett i hjartefjellet. Frå den same posisjonen kjem òg dei mange tusen breva hans. Brev til ein ung diktar (utkomen posthumt i 1929) står som eit av diktarens hovudverk.

Detaljer

Forlag
Bokvennen
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
60
ISBN
9788274881655
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2007
Originaltittel
Briefe an einen jungen Dichter
Format
18 x 13 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Brev til ein ung diktar:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Averno

Louise Glück
Paperback 
254,- 279,-
 

Timene

Michael Cunningham
Paperback 
229,-
 

Ekko

Lena Lindgren
Innbundet 
345,- 379,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv