Min side Kundeservice Bli medlem

Dialektar som skriftspråk i tre norske distrikt

Dialektar som skriftspråk i tre norske distrikt er ein jamførande studie av korleis dialektskribentar har gått fram når dei har skrive dialekten sin i tekster for vanlege folk. Dei tre distrikta er Gudbrandsdalen, Indre Hordaland (Voss og Hardanger) og Trøndelag. Les mer

338,-
Paperback
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Dialektar som skriftspråk i tre norske distrikt er ein jamførande studie av korleis dialektskribentar har gått fram når dei har skrive dialekten sin i tekster for vanlege folk. Dei tre distrikta er Gudbrandsdalen, Indre Hordaland (Voss og Hardanger) og Trøndelag.
...Hovudmålet med boka er å vise korleis skribentane balanserer mellom omsynet til sjølve dialektfonologien, som inneheld lydar og nyansar som alfabetet ikkje har bokstavar for, og omsynet til at det skal kunne lesas av folk som er vane med skriftbilda i bokmål og nynorsk og dermed kan ha tungt for å lese sin eigen dialekt. Dette opnar for mye kompromissing, og det er eit heilt spektrum frå skribentar som prøver å vere så dialekttrugne som råd til slike som går langt i retning av normalortografien for å gjere tekstene meir lettlesne.
...Boka inneheld langt på veg fullstendige oversyn over dialektskribentar og publiserte dialekttekster i dei tre distrikta. Skribentane blir presentert ein for ein og dei ortografiske strategiane deira analysert, og det blir gitt ei tekstprøve av kvar forfattar. Så blir den ortografiske behandlinga av dei ulike trekka i lydsystemet . tjukk l, palatale konsonantar, spesielle vokallydar, og mye meir - jamført innanfor heile forfattargruppa i kvart av distrikta. Til slutt blir det heile avslutta med ein oppsummerande konklusjon og ein rikhaldig bibliografi.

Detaljer

Forlag
Novus
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
319
ISBN
9788270994007
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2004

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Dialektar som skriftspråk i tre norske distrikt:

Fy farao!

Ingrid Kristine Hasund
Nedlastbar lydbok 
199,-
 

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv