Min side Kundeservice Bli medlem Slik virker medlemskapet

Utmark i endring

Det er i ferd med å skje store endringar i den norske utmarka. Hyttebygging, rovdyr, beiting og aukande konfliktnivå mellom tradisjonelle og nye brukarar fører til heftige debattar om bruken av utmarka og utmarksressursane. I boka Utmark i endring gjev nokre av landets fremste samfunnsforskarar innanfor feltet utmark ei innføring i viktige endringar, og innspel til korleis ein kan bringe debattane rundt framtida til utmarka vidare.

Les mer
0,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Det er i ferd med å skje store endringar i den norske utmarka. Hyttebygging, rovdyr, beiting og aukande konfliktnivå mellom tradisjonelle og nye brukarar fører til heftige debattar om bruken av utmarka og utmarksressursane. I boka Utmark i endring gjev nokre av landets fremste samfunnsforskarar innanfor feltet utmark ei innføring i viktige endringar, og innspel til korleis ein kan bringe debattane rundt framtida til utmarka vidare.

Bruk av utmark har alltid vore viktig for oss nordmenn. Her kan fritidsbustadar, vindkraftutbygging, gruvedrift og friluftsliv skape livskvalitet og arbeidsplassar. Samstundes utfordrar bruken både naturverdiar, kulturverdiar og tradisjonell utmarksbruk som sau- og reinbeite.

Arealpresset i utmarka er veksande og kan føre til fleire interessekonfliktar. Kan beitenæringane overleve areal- og rovdyrpress? Kor mange fleire fritidsbustader toler utmarka? Kvar går grensa for tilrettelegging i friluftslivet? Kva for del av utmarkshistoria er det vi verdset?

Bidragsytarane i boka kjem frå ulike fagfelt som geografi, sosiologi, jus, økonomi og filosofi – og gjev med dette ulike perspektiv på endringane i utmarka. Samla gir Utmark i endring eit vesentleg bidrag til utmarskforskinga, og kan fungere som eit diskusjonsgrunnlag for dei utfordringane som næringar, brukarar og forvaltarar av utmarka står overfor.

Utmark i endring er tankevekkande lesing for alle med interesse for bruk og forvalting av utmarka. Dette kan vere studentar, forskarar, næringsaktørar eller forvaltarar av utmarka. Med eit interessant og samfunnsaktuelt innhald er boka òg høgaktuell for den jamne samfunnsengasjerte borgar.

Utmark i endring er redigert av Frode Flemsæter, seniorforskar ved Ruralis og fyrsteamanuensis ved NTNU, og Bjørn Egil Flø, seniorforskar ved NIBIO.

Detaljer

Forlag
Cappelen Damm akademisk
Språk
Bokmål Nynorsk
ISBN
9788202749330
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Originaltittel
Utmark i endring
Format
Ingen kopisperre EPUB_3

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Utmark i endring:

2020

Gunnar Staalesen
Innbundet 
79,- 429,-

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv