Min side Kundeservice Bli medlem Slik virker medlemskapet
I arbeidet med å løyse, redusere og førebygge sosiale problem er sosialt arbeid retta mot både individ og samfunn. Dette gjer at kvardagen til sosialarbeidarar ofte inneber vanskelege val, og vi vel heile tida. Les mer
349,-
Paperback
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

I arbeidet med å løyse, redusere og førebygge sosiale problem er sosialt arbeid retta mot både individ og samfunn. Dette gjer at kvardagen til sosialarbeidarar ofte inneber vanskelege val, og vi vel heile tida. Nokre val er vi fornøgde med, men andre ville vi kanskje gjort annleis om vi hadde fått høve til å tenkje oss om. Denne boka handlar om korleis sosialarbeidarar kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg - slik at folk får hjelp og innbyggarane får tillit til profesjonen. Første del av boka gjer greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også metodar og framgangsmåtar for etisk refleksjon presenterte. Andre del av boka tek for seg profesjonsetiske tema for sosialarbeidarar spesielt. Her blir forholdet mellom etikk, juss og politikk drøfta, og spennet mellom det beste for brukaren og oppdraget frå samfunnet blir analysert. Boka presenterer fleire aktuelle case og viser korleis ein kan arbeide med etisk refleksjon for å komme fram til gode handlingsval i desse situasjonane.

INGRI-HANNE BRÆNNE BENNWIK er høgskulelektor og doktorgradsstipendiat ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

TURID MISJE er høgskulelektor ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

EINAR AADLAND er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
219
ISBN
9788252194760
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2024
Originaltittel
Profesjonsetikk i sosialt arbeid
Format
22 x 15 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Profesjonsetikk i sosialt arbeid:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv