Min side Kundeservice Bli medlem Slik virker medlemskapet
Ståle Dyrvik er ein av våre mest profilerte historikarar. I denne boka gir han ein kortfatta introduksjon til dei dramatiske hendingane i 1814 og ei nytolking av desse. Historikarar er stort sett samde om at Noreg i 1814 oppnådde fridom og sjølvstende. Les mer
299,-
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Ståle Dyrvik er ein av våre mest profilerte historikarar. I denne boka gir han ein kortfatta introduksjon til dei dramatiske hendingane i 1814 og ei nytolking av desse. Historikarar er stort sett samde om at Noreg i 1814 oppnådde fridom og sjølvstende. Fridomen låg i ei for si tid svært demokratisk grunnlov. Sjølvstendet kom til uttrykk i at den nye unionen med Sverige berre var eit kongefellesskap. Men diskusjonane har gått høgt om andre sider ved dette året: Kven var dei sentrale aktørane i hendingane i 1814? Var omskiftet resultatet av ei langvarig indre utvikling, eller skuldast det dei utanrikspolitiske konjunkturane under napoleonskrigane? Og korleis kunne Noreg i eitt sprang byte ut einevelde med folkestyre, samtidig som det norske samfunnet synest så upåverka av den politiske omveltinga? I denne boka nøstar Ståle Dyrvik opp både dei lange og dei korte trådane fram til 1814. Samstundes viser han korleis ulike historikarar har tolka 1814 tidlegare, og gjennom ei meir systemteoretisk tilnærming til problematikken opnar han for ei nytolking av 1814.UTSYN>INNSIKT er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske stillingar.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
127
ISBN
9788252165708
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2005
Originaltittel
Året 1814
Format
21 x 13 cm
Serie
Utsyn&innsikt

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Året 1814:

Spark

Thor Gotaas
Innbundet 
449,-
 

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Israel

Marte Heian-Engdal
Innbundet 
519,-
 

1814

Karsten Alnæs
Innbundet 
449,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv