Min side Kundeservice Bli medlem

Kvifor vart det slik?

norsk historie gjennom 10 000 år

«Ei velbalansert noregshistorie som viser fram historias usikkerheit på kløktig vis. [...]. Sjølv likar eg skrivemåten i boka særs godt: Han gir på same tid fleire perspektiv på historia, synleggjer at historia er ein materie i bevegelse og ikkje skriven i stein. Boka er fint balansert mellom tradisjonell nasjonalhistorieforteljing og -refleksjon, mellom stolt framstilling og sviande nedsabling av nasjonalromantiske førestillingar.»

Kjetil Vikene, forskerforum.no

Kvifor vart det slik? er ei ny framstilling av dei lange linene i noregshistoria. Boka er lett tilgjengeleg og eignar seg særleg for lærarutdanninga og historiestudia. Framstillinga spenner heilt frå steinalderen til 2020, og byggjer på nyare forsking om norsk historie. Les mer

679,-
Paperback
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Kvifor vart det slik? er ei ny framstilling av dei lange linene i noregshistoria. Boka er lett tilgjengeleg og eignar seg særleg for lærarutdanninga og historiestudia. Framstillinga spenner heilt frå steinalderen til 2020, og byggjer på nyare forsking om norsk historie. Forfattarane går gjennom demografisk, økonomisk, politisk, sosial og kulturell historie for å visa korleis det vi kjenner som det norske samfunnet i dag har vorte til. Forminga av Noreg som stat og nasjon er sentrale tema i boka. Medan det i dag kan arta seg som opplagt at det skulle dannast ein norsk stat på det territoriet vi kjenner som norsk, viser forfattarane at denne utviklinga langt frå var noko sjølvsagt. Nøkkelomgrep som nasjonsbygging, modernisering, demokratisering og globalisering synleggjer korleis det moderne Noreg har vorte til. Eksempel på historiebruk og historisk forståing knyt innhaldet til historiedidaktikken. Boka inneheld òg arbeidsoppgåver som kan brukast i undervisning. Sjølv om det særleg er studentar som er målgruppa for boka, kan ho lesast med utbyte av alle som vil ha ei komprimert og lett tilgjengeleg framstilling av norsk historie.

Detaljer

Forlag
Cappelen Damm akademisk
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
426
ISBN
9788202517502
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Originaltittel
Kvifor vart det slik?
Format
26 x 20 cm

Bla i boka

Anmeldelser

«Ei velbalansert noregshistorie som viser fram historias usikkerheit på kløktig vis. [...]. Sjølv likar eg skrivemåten i boka særs godt: Han gir på same tid fleire perspektiv på historia, synleggjer at historia er ein materie i bevegelse og ikkje skriven i stein. Boka er fint balansert mellom tradisjonell nasjonalhistorieforteljing og -refleksjon, mellom stolt framstilling og sviande nedsabling av nasjonalromantiske førestillingar.»

Kjetil Vikene, forskerforum.no

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Kvifor vart det slik?:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv