Min side Kundeservice Bli medlem Slik virker medlemskapet
88 % av alle kvinner forstår at menn ikkje kan røre seg fritt iblant oss. Resten tar feil.

Matriarkatets tidsalder rår, og det er lenge sidan det fanst frittgåande menn. Mennene blir trygt forvarte i avlssenter på avsidesliggande plassar som Lolland heilt sør i Danmark og Fanasgieddi langt nord i Noreg. Problemet er berre at den kollektive forståinga av kvifor det var så viktig å sperre mennene inne, er i ferd med å gå tapt, og tryggleiken på sentera er derfor ikkje like godt ivaretatt som tidlegare. Les mer
429,-
Innbundet
Sendes innen 3 virkedager
88 % av alle kvinner forstår at menn ikkje kan røre seg fritt iblant oss. Resten tar feil.

Matriarkatets tidsalder rår, og det er lenge sidan det fanst frittgåande menn. Mennene blir trygt forvarte i avlssenter på avsidesliggande plassar som Lolland heilt sør i Danmark og Fanasgieddi langt nord i Noreg. Problemet er berre at den kollektive forståinga av kvifor det var så viktig å sperre mennene inne, er i ferd med å gå tapt, og tryggleiken på sentera er derfor ikkje like godt ivaretatt som tidlegare.

To kvinner blir besette av å redde ut ein hann. Den eine er desperat etter å få venner, den andre vil pare seg med han. Urkvinna Inga, som har levd gjennom alle tider og i dette livet er gjenfødd som same, sansar kva som er i ferd med å skje. Ho spenner reinsdyra for sleden og reiser frå Finnmark til Lolland. Ho må stanse kvinnene, for elles kjem samfunnet igjen til å bryte saman.

88 % er eit framhald av framtidromanen 11 %, som vann den gjæve danske bokhandlarprisen De gyldne Laurbær i 2022, og som vart hylla av kritikarane også her til lands.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015304
Utgivelsesår
2025
Format
21 x 14 cm
Serie
Framtidsroman 2

Bla i boka

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på 88 %:

11 %

Maren Uthaug
Innbundet 
429,-
 

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Isfjell

Niklas Turner Olovzon
Innbundet 
449,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv