Meny

Mare

roman

Kristin Sørsdal frå Arendal er mest kjend for å ha omsett bøkene om Elena Ferrante til norsk. Det er ingen dårleg ting å vere kjend for. Men no bør du gjere deg kjend med Sørsdal sin eigen forfattarskap. (...) Forfattaren let oss kjenne forvirringa til guten når han ikkje rekk å seie farvel med venen, redsla til mor hans når ho trur ho vert skilt frå sonen og panikken når han trur han vil døy. Slik gjer Sørsdal avstanden mellom oss og dei andre litt mindre enn dei 340.000 metrane det er mellom Libya og Italia. Slik litteratur kan når han er på sitt beste.

, Fædrelandsvennen Terningkast 5
Solveig går i land på øya som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Les mer
Vår pris
143,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokklubb-app | Kindle

  Kjøp NÅ - få 7 bonuskroner!

Vår pris: 143,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokklubb-app | Kindle

  Kjøp NÅ - få 7 bonuskroner!

Om boka

Solveig går i land på øya som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Har Solveig eit morbid ønske om å symje blant døde sjeler eller eit oppriktig ønske om å skjøne lidinga til dei som kjem over havet? Og kvar er eigentleg alle flyktningane og migrantane som avisene fløymer over av?
På den libyske sida av havet gjer ein gut seg klar til å reise. Draumen hans er å reise med eit stort passasjerskip over havet, og deretter ta toget strake vegen til faren, som er i byen dei kallar Bodo. Overfarten byrjar ei natt under stjernehimmelen medan guten leiter etter Kassiopeia mot nord.
Mare utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.

Kristin Sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal har tidlegare gitt ut romanane Makabre bikkjer (2010) og Guds hund (2014) og ho er Elena Ferrantes norske omsetjar.

Fakta

Hvordan lese denne e-boka?