Bror din på prærien
Edvard Hoem ; Edvard Hoem (Oppleser)
Serie: Familien fra Rekneslia 2
«Edvard Hoem diktar om slektshistoria si på ein ypparleg måte ... [han] evnar å fortelja ei særs spanande historie om den store norske utvandringa til Amerika. Og om dei som blei att heime.»
Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet i Kristiansund med kurs for Amerika. Les mer
Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet i Kristiansund med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota.
Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet ser ikkje vekk, dei set snarare blikket rett på han. Da han kysser den dragande Jenny Mortenson, er det både med sterk lyst og frykt for å bli bunden. Han forsøker å la arbeidet styre han.
Det skal kome ei stor og gjennomgripande omvending i Eilerts liv, som om han har vore på fel spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin, bryt han opp - på same måten som 50 000 andre nordmenn - og startar på den lange reisa til Albertaprærien i Canada. Han tar land ved Hesteskoen i Donalda hausten 1905.
Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han nokon gong skal få sjå sonen sin att i dette livet.
- ANMELDELSER:
-
Terningkast 6 Odd E. Nerbø, Bergens Tidende
Terningkast 6 Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke
Terningkast 5 Brynjulf Jung Tjønn, VG
- FAKTA
-
Utgitt:
2015
Forlag: Lydbokforlaget
Språk: Norsk Nynorsk
Spilletid: 717 Min.
ISBN: 9788242162618
Utgave: 1. utg.
Format: MP3
Vannmerket
- KATEGORIER:
- SERIE:
- VURDERING
-
Gi vurdering
Les vurderinger
«Edvard Hoem diktar om slektshistoria si på ein ypparleg måte ... [han] evnar å fortelja ei særs spanande historie om den store norske utvandringa til Amerika. Og om dei som blei att heime.»
«... glitrar av kresen forteljekunst på høgste nivå ... Eg synest faktisk at den nye romanen overgår forgjengaren 'Slåttekar i himmelen', og det seier ikkje lite.»
««Bror din på prærien» er nok en triumf i Edvard Hoems fantastiske forfatterskap.»