Meny
Edvard Hoem: Felemakaren

Felemakaren

roman

Serie: Familien fra Rekneslia 5

«Edvard Hoem har nærmest overgått seg selv med 'Felemakaren'. Jeg nøler ikke med å kalle dette et mesterverk.»

, Nettavisen Terningkast 6

Lars Olsen Hoem er fødd i Romsdal i 1782 og drøymer om å bli skipper på eiga skute. Han blir utskriven til å vere med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk skip i fem år. Der møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar. Lars Olsen Hoem var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Edvard Hoems store slektskrønike. 

Les mer
Historie
Serie
Bygd
Familiedrama
Vår pris
349,-
Spar
50,-

Veil. pris: 399,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 1 virkedag

  Kjøp NÅ - få 17 bonuskroner!

Vår pris: 349,-
Spar: 50,-

Veil. pris: 399,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 1 virkedag

  Kjøp NÅ - få 17 bonuskroner!

Om boka

I romanen Felemakaren tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen Heimlandet barndom (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år.

Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar.

Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer.

Felemakaren er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve.

Felemakar Lars Olsen Hoem var fødd i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike. 

 

Fakta

Anmeldelser

«Edvard Hoem har nærmest overgått seg selv med 'Felemakaren'. Jeg nøler ikke med å kalle dette et mesterverk.»

, Nettavisen Terningkast 6

«'Felemakaren' er rett og slett et godt sted å være. Edvard Hoem viser nok en gang at historier om fortiden kan lære oss mye om hvem vi er og hvor vi kommer fra. Hadde denne romanen vært en konsert, ville nok mange ha svart med stående applaus. »

, VG Terningkast 5

«Edvard Hoem har skrudd i stemmeskruane sine til nok ei finstemd forteljing om folk i eiga slekt (...) Med ein språkleg rausheit og driv i forteljinga som vekslar mellom krigens redselsrop og dei såre tonane frå instrumenta slik dei etterkvart veks fram mellom hendene på felemakaren.»

, Romsdals Budstikke Terningkast 5

«Edvard Hoem kan dette, kan skrive hele liv fram av et historisk dunkel (..) . Han legger sine farger, lyder, lukter, stemmer og tankesett til en fortelling som aldri gir seg ut for å være sann i ordets enkleste forstand, men som etterstreber denne nærheten til et mulig liv … Jeg kan knapt få fullrost denne romanen om en felemaker i en fjern tid.»

, nrk.no

«Forholda i Norge for to hundre år sidan likna ikkje mykje på velstandssamfunnet vi lever i no. Eg trur at kanskje nettopp derfor kan ein historisk roman formidle viktige innsikter. Både om musikkens og kjærleikens lækjande krefter. (...) … Det er eit tidsgap mellom jordmora og felemakarens historie på den eine sida og det som tar til med slåttekaren i 1874. Eg reknar med at Hoem allereie er i ferd med å tette dette holet. I så fall har lesaren meir godt i vente.»

, Vårt Land

«Edvard Hoem ... dikter i vei med patos og glød. Det er det blitt gode og vakre og underholdende romaner av. (...) I disse overgangene mellom fakta og diktning er Hoem på sitt aller beste. Kildene er skrale, Hoems research imponerende.»

, Dagbladet