BESTSELGERSALG – bøker fra 79,-
Min side Kundeservice Bli medlem

Felemakaren

roman

I romanen "Felemakaren" tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen "Heimlandet barndom" (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Les mer

199,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

I romanen "Felemakaren" tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen "Heimlandet barndom" (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år.
Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar. Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer.

"Felemakaren" er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve.

Felemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.

Detaljer

Forlag
Lydbokforlaget
Språk
Nynorsk
ISBN
9788242182432
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2020
Originaltittel
Felemakaren
Serie
Familien fra Rekneslia 5

Lytt til utdrag

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Felemakaren:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv