På liv og død

distriktsjordmødrenes historie

Imponerande verk om norske distriktsjordmødrer

Ikkje nokon augneblink i menneskelivet er så kritisk som fødselen. Til alle tider har kvinner hjelpt kvarandre når barn kom til verda. Men etter kvart som legevitskapen vaks fram i Europa, vart denne hjelperolla profesjonalisert, og jordmødrene utdanna som medisinske handverkarar. Les mer

409,-

449,- Spar: 40,-

Innbundet
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Imponerande verk om norske distriktsjordmødrer

Ikkje nokon augneblink i menneskelivet er så kritisk som fødselen. Til alle tider har kvinner hjelpt kvarandre når barn kom til verda. Men etter kvart som legevitskapen vaks fram i Europa, vart denne hjelperolla profesjonalisert, og jordmødrene utdanna som medisinske handverkarar.

Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner i Noreg. Jordmorskulen var den første utdanninga for kvinner, og jordmødrene var dei første offentleg tilsette kvinnene i landet. Over meir enn hundre år var jordmødrene dei næraste helsearbeidarane for folk i norske bygder.

Dette er den første samla framstillinga av distriktsjordmødrene si historie i Noreg, frå amtmannen i dagens Møre og Romsdal i 1784 fekk i stand eit ordna jordmorvesen på landsbygda, og til kommunehelselova i 1984 ikkje lenger kravde at kommunane skulle tilsetje jordmor.

Lesaren blir kjend med mange historiske jordmødrer, og følgjer dei tett i deira strevsame tilvere og strabasiøse yrke. Samstundes er dette òg ei forteljing om det norske samfunnet si utrulege utvikling gjennom dei siste 200 åra.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
429
ISBN
9788252184976
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2016
Originaltittel
På liv og død
Format
25 x 18 cm

Bla i boka

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på På liv og død:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Digg

Anders Totland
Innbundet 
363,- 399,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv