Satans mor
Midt under ein heftig miljødebatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at mange av distriktets innbyggjarar også har motiv for å stå bak ugjerninga. Les mer
Logg inn for å se din bonus
Bomba er ei av fleire dramatiske saker som lokalavisjournalisten Karianne Grinde kan grave i. Ikkje berre er temperaturen høg i cruisedebatten, det dukkar også opp eit lik under Nigardbreen. Under rivinga av det gamle sanatoriet Harastølen kjem det dessutan for ein dag ei dagbok som avslører forferdelege overgrep ved sanatoriet i tidlegare tider. Men eigentleg startar historia i 1821 då sjølvaste Gjest Baardsen dukkar opp på ei skjenkjestove i Solvorn.
Politmannen og journalisten nøstar i mysteriet frå kvar si side. Det viser seg at alle dei gamle og nye historiene er vovne saman - og det skal få fatale konsekvensar.
Med dei indre delane av Sognefjorden som geografisk utgangspunkt har Timberlid spunne eit imponerande puslespel av ei historie.
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Språk
- Norsk Nynorsk
- ISBN
- 9788234009518
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2022
- Serie
-
Rolf Randen 7
Lytt til utdrag