– Martin Luther var hovudmannen bak reformasjonen i Europa på byrjinga av 1500-talet. Han fekk vere med og starte ei rørsle som skulle skape religiøst, kulturelt og sosial jordskjelv i Europa i lang tid framover. I denne boka kan du lese nokre av dei viktigaste tekstane som var med på å starte det heile.
Luthers berømte 95 teser mot avlatspraksisen, var eigentleg meint som ei oppfordring til samtale. I denne boka kan du lese meir om Luthers tankar om avlaten, boten og omvendinga. 'Til den kristne adel' er eit gedigent åtak på Pavekyrkja, særleg embetssyn og teologisk sjølvforståing. 'Kirkens babylonske fangenskap' omhandlar særleg sakramenta, og dette er ei absolutt uvurderleg bok dersom ein ynskjer å setje seg inn i Luthers tankar om dette. Og merk: Dette er tankar som også er grunnleggjande for å forstå sakramentsteologien som er nedfelt i våre vedkjenningsskrifter.
Å lese Luthers skrifter er ikkje å sløse vekk tida si. Det er lærerikt og ofte morosamt (!), og ein får stor innsikt i korleis vår lutherske kyrkje tenkjer om sentrale punkt i teologien, det vere seg omvending, frelse, sakrament osb. Elles: Kan du i tillegg få tak i den norske Luthers verker i utvalg, så løp og kjøp!
Luthers reformasjon
Martin Luther Tarald Rasmussen (Redaktør) Tarald Rasmussen (Oversetter) Sigurd Hjelde (Oversetter) Inge Lønning (Oversetter)
Her er samlet de mest berømte tekstene Martin Luther (1483 - 1546) ga ut i tiden rundt reformasjonen. Utvalget fokuserer på Luther som reformator og som kritiker av kirke, samfunn og teologi. Samtidig belyser Luthers reformatoriske hovedskrifter ham som den viktige historiske person han var, en klassiker i religionshistorien. Les mer
399,- Spar: 36,-
Logg inn for å se din bonus
Detaljer
- Forlag
- Pax
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Norsk Bokmål
- Sider
- 310
- ISBN
- 9788253026725
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2004
- Format
- 23 x 18 cm