Min side Kundeservice Bli medlem

Nye spadestikk i samfunnsfagdidaktikken

Samfunnsfagdidaktikken er blitt viktigare etter dei siste lærarutdanningsreformene. Lærarar skal ikkje berre meistra pedagogikk og fag, men også fagdidaktikk. Fagdidaktisk teori og forsking kan gi lærarar fagspråk og utgangspunkt for å tenkja og samarbeida om samfunnsfaget, og fagdidaktikken kan tydeleggjera dei mange vegval lærarar står overfor. Les mer

449,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Samfunnsfagdidaktikken er blitt viktigare etter dei siste lærarutdanningsreformene. Lærarar skal ikkje berre meistra pedagogikk og fag, men også fagdidaktikk. Fagdidaktisk teori og forsking kan gi lærarar fagspråk og utgangspunkt for å tenkja og samarbeida om samfunnsfaget, og fagdidaktikken kan tydeleggjera dei mange vegval lærarar står overfor. Denne boka er meint som eit bidrag i denne utviklinga av samfunnsfagdidaktikken. Ho tematiserer korleis faget vert formidla til elevane i grunnskulen og vidaregåande skule.
Boka inneheld empiriske analysar, forskingsoppsummeringar, problematiseringar og teoriutviklande kapittel, og ho er disponert i fire delar. Den fyrste tar opp tema som gjeld samfunnsfaget samla, på tvers av fagleg innhald. Dei tre neste delane er bidrag knytt til ulike kjerneelement i faget, demokratiforståing og deltaking, berekraftige samfunn, identitetsutvikling og fellesskap. Det er også eit kapittel om utforsking, og kritisk tenking er teke opp i fleire av bidraga.
Boka er tenkt for vidarekomne i samfunnsfagdidaktikken, det vil seia for lærarutdannarar og fagdidaktiske forskarar, så vel som for masterstudentar og bachelorstudentar som skal fordjupa seg i samfunnsfagsdidaktikk. Boka er eit utgangspunkt for fagdidaktiske vurderingar i praksis, utviklingsprosjekt, forsking og i studentarbeid.
Kjetil Børhaug, Odd Ragnar Hunnes og Åshild Samnøy har vore redaktørar for boka, og bidragsytarane elles er Harald Borgebund, Kristin Evju, Marlen Ferrer, Kari Aslaug Hasle, Lars Gaute Jøssang, Mona Langø, Daniela Muñoz, Torjer A. Olsen, Katja H-W Skjølberg, Kjersti Straume, Christian Sæle, Elin Sæther, Per Jarle Sætre, Harald Endre Tafjord og Irene Trysnes.

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Språk
Norsk Bokmål Norsk Nynorsk
ISBN
9788245042795
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022

Les utdrag

Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Nye spadestikk i samfunnsfagdidaktikken:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv