Meny
 

På jakt etter svar og forståing

samansette fagtekstar i skulen

Serie: LNUs skriftserie 185

Å lese fagtekstar med godt utbytte er ei treningssak. Elevane på fjerde og femte trinnet er heilt i startfasen av ein treningsperiode som skal vare i mange år. Skulekulturen og den vanlege bruken av fagtekstane i klasserommet er med på å forme elevane som faglesarar. Les mer
Vår pris
359,-

(Paperback) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Paperback
Legg i
Paperback
Legg i
Vår pris: 359,-

(Paperback) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Om boka

Å lese fagtekstar med godt utbytte er ei treningssak. Elevane på fjerde og femte trinnet er heilt i startfasen av ein treningsperiode som skal vare i mange år. Skulekulturen og den vanlege bruken av fagtekstane i klasserommet er med på å forme elevane som faglesarar. I mange tilfelle venner elevane seg til «å lese med pinsett» fordi dei er meir på jakt etter svar enn på leiting etter å forstå det tekstane handlar om.
Multimodaliteten det at fagtekstane er sette saman av fleire modalitetar eller uttrykksmåtar, som skrift, lyd, film, figurar og fotografi kan hjelpe elevane i læringsarbeidet, men det multimodale læringspotensialet kan også vere underutnytta. I boka drøftar forfattaren samanhengen mellom multimodalitet, lesing og læring i lys av eksempel frå klasserommet, samtalar med elevar på mellomtrinnet og analyse av aktuelle fagtekstar.
Anne Løvland er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder. Ho har doktorgraden i nordisk språkvitskap med ei avhandling om samansette elevtekstar, og har skrive boka På mange måtar. Samansette tekstar i skolen (2007).

Fakta

Innholdsfortegnelse




1 Multimodalitet, lesing og læring - ei innleiing
Teoretisk ståstad

Literacypraksis og teksthendingar

Literacy og multimodale tekstar

Lesing av multimodale tekstar

Kva handlar resten av boka om?


2 "Hva spiser flaggspettene?" - faglitterære teksthendingar i klasserommet
Fire teksthendingstypar i klasserommet

Teksthendingar - lesing og læring

Multimodaliteten i teksthendingane

Teksthendingar og elevaktivitet


3 "Bilder er lærerikt viss en ikke er så god til å lese" motivasjon og faglesing
Haldningane elevane har til faglesing

Tre typiske lesarar

Kor ærlege er dei?

Jente- og gutelesarar

Lesesterke og lesesvake

Finst det andre lesartypar?

Er elevane motiverte for multimodalitet?

Teksthendingar og lesartypar

Spenningsfylte diskursar i skulekulturen


4 "Slik ser tungen ut i mikroskop" - å illustrere det verkelege
Denotasjon og konnotasjon - to ulike illustrasjonsmåtar

Verkelegheitseffekt

Samspelet mellom skrift og bilete

Modellsamanlesaren


5 "Dra riktig ord på riktig plass" - elektronisk svarjakt
Korleis nettressursane samhandlar med elevane

Presentasjon av innhald på skjerm

Elektronisk lagringsressurs

Modellesaren på nettet


6 "Vi anbefaler å bruke bildestoffet aktivt i undervisninga" - lærarrettleiing, læreplan og nasjonale prøver
Tankar om lesing av samansette tekstar i lærarrettleiingane

Kunnskapsløftets kompetansemål og dei nasjonale prøvene

Tekst og substans - kvar for seg eller saman?


7 "Bildet viser åssen det ser ut i kroppen" - samanlesing i praksis
Femteklassingar les samansette fagtekstar

Kva legg elevane vekt på i lesinga?

Elevane oppfattar skilnaden mellom lesing og læring

Frå skrift og bilete til skriving og teikning

Kvifor teiknar dei ikkje innhaldet i rle-teksten?

Elevane kopierer, men kva?

Samanlesing i samfunnsfag

Samanlesing i naturfag

Samanlesing i rle

Vurdering av samanlesingskompetanse

Tilfeldig redundans og fragmentert lesing


8 Multimodalitet, lesing og læring innanfor skuledomenet
Den problematiske læringsstilen

Læringsgevinst

Lesing som ei ferdigheit

Multimodal tekstskaping og læring

Svaret er ikkje svarjakt


Litteratur