Min side Kundeservice Bli medlem

I teneste for nynorsken

heidersskrift til Olaf Almenningen 70 år

Professor i nordisk språkvitskap Olaf Almenningen fylte 70 år 29. januar 2017. Dei siste 30 åra av yrkeslivet har han arbeidd som språkforskar og leksikograf, og mykje av tida har vore vigd arbeidet med Norsk Ordbok. Les mer

380,-
Innbundet
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Professor i nordisk språkvitskap Olaf Almenningen fylte 70 år 29. januar 2017. Dei siste 30 åra av yrkeslivet har han arbeidd som språkforskar og leksikograf, og mykje av tida har vore vigd arbeidet med Norsk Ordbok. Ved sida av leksikografiske emne har Almenningen også publisert bøker og artiklar om mellom anna nyare språkhistorie, målrørsle og nynorsk. Heidersskriftet inneheld 20 artiklar skrivne til Almenningen av kollegaer og vener som takk for innsatsen gjennom mange år. Det har vore eit mål at tekstene skal spegle hovudinteressene hans gjennom heile vaksenlivet, ikkje berre det akademiske livet som vanleg er med denne typen heidersskrift. Ved sida av fagartiklane, som ikkje berre tek opp tema innanfor leksikografi, språkhistorie og målrørsle, men òg språkhaldningar, språkpolitikk og namn, finst det også tekster som beskriv .Almenningen som privatperson og interessene hans ut over språkvitskapen. I tillegg til artiklane inneheld heidersskriftet ei biografisk innleiing av redaktørane, eit oversyn over Almenningens skriftlege produksjon og ei helsingsliste.

Detaljer

Forlag
Novus
Innbinding
Innbundet
Språk
Dansk Flerspråklig Norsk Nynorsk
Sider
281
ISBN
9788270998753
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2017
Format
25 x 18 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på I teneste for nynorsken:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv