Språkreisa
norsk gjennom to tusen år
Sylfest Lomheim ; Hallvard Lydvo (Oppleser)
Ei underhaldande reise tilbake til norskens opphav, og språkreisa tek til i dag med norskens plass i det globale språksamfunnet.
Lomheim guidar oss gjennom det dramatiske tusenåret då urnordisk gradvis gjekk over til å bli norrønt som vikingane så tok med seg ut i Europa, fram til dagens internasjonalt prega norsk. Les mer
Nedlastbar lydbok
Legg i
Nedlastbar lydbok
Legg i
Ei underhaldande reise tilbake til norskens opphav, og språkreisa tek til i dag med norskens plass i det globale språksamfunnet.
Lomheim guidar oss gjennom det dramatiske tusenåret då urnordisk gradvis gjekk over til å bli norrønt som vikingane så tok
med seg ut i Europa, fram til dagens internasjonalt prega norsk. Den kunnskapsrike språkdirektøren syner korleis samfunnsutviklinga
har påverka språket vårt, og korleis menneska gjennom historia har teke til seg ord og vendingar i takt med nye behov. Reisa
sluttar ved å vende blikket framover. Vegen vidare er uviss. Trass i ulike tema og mange avstikkarar har reisa éin tydeleg
tråd, og det er at ord og samfunn til alle tider står i forhold til kvarandre. Det er ikkje dermed slik at språket styrer
samfunnet - det er samfunnet som styrer språket. Slik var det i steinalderen, og slik er det i skjermalderen. Denne mangfaldige
framstillinga av språkhistoria vil fryde både ihuga språkelskarar og dei språkinteresserte som ønskjer å vite meir om språkutvikling.
Bli med på ei spennande språkreise!
- FAKTA
-
Utgitt:
2020
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Norsk Nynorsk
ISBN: 9788202676452
Utgave: 1. utg.
Format: MP3
Vannmerket
- KATEGORIER:
- VURDERING
-
Gi vurdering
Les vurderinger