Min side Kundeservice Bli medlem

Skrift og strid

essay om Henrik Rytter

Dette er ei bok om diktaren, omsetjaren og essayisten Henrik Rytter (1877-1950). I si tid var han rekna som ein av dei største diktarane i Noreg, og mange meinte han var den største. Ifølgje Ragnvald Skrede var Rytter Arne Garborgs arvtakar - og slik sett målrørslas viktigaste litterat i 20-, 30- og 40-åra. Les mer

269,-
Innbundet
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Dette er ei bok om diktaren, omsetjaren og essayisten Henrik Rytter (1877-1950). I si tid var han rekna som ein av dei største diktarane i Noreg, og mange meinte han var den største. Ifølgje Ragnvald Skrede var Rytter Arne Garborgs arvtakar - og slik sett målrørslas viktigaste litterat i 20-, 30- og 40-åra. I 1929 skreiv Olav H. Hauge: "[Rytter] er på mange måtar eit fenomen. For det fyrste hev han no skapt seg eit diktarspråk som vore Shakespeare eller Homer verdig." Boka inneheld essay om Rytters mest omfattande omsetjingar: Dantes Den guddomlege komedien, Boccaccios Decameronen, Beowulf , 23 av Shakespeares skodespel og nynorsk-omsetjinga av Henrik Ibsens Peer Gynt. I tillegg inneheld boka biografiske essay om målmannen og det politiske stridsmennesket Henrik Rytter. Her er òg Rytters ti beste dikt, attåt innleiinga han skreiv til Shakespeare-omsetjingane, ei novelle frå Decameronen, utdrag frå Peer Gynt og Den guddomlege komedien. Og som ein historisk og politisk kuriositet: valmanifestet Rytter like etter den andre verdskrigen skreiv for Noregs Kommunistiske Parti.

Detaljer

Forlag
Vidarforlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
265
ISBN
9788279901013
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2011
Format
17 x 13 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Skrift og strid:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv