Meny
 

Symra

; Terje Aarset (Redaktør)

Serie: LNUs skriftserie 197

Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Les mer
Vår pris
445,-
Spar
44,-

Veil. pris: 489,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Innbundet
Legg i
Innbundet
Legg i
Vår pris: 445,-
Spar: 44,-

Veil. pris: 489,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Om boka

Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur.
Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von.
Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er Mellom bakkar og berg , ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår andre nasjonalsong.
I denne nye utgåva ved Terje Aarset er det i tillegg ei rekkje tekster som kastar lys over Symra som litteratur, om språket og musikken, om dei ulike utgåvene som er komne sidan 1863, om Aasen-dikt i omsetjing, om Jakob Kobberstad, som stod for notetillegget i 1875-utgåva, om Aasen i songbøkene og Aasen-dikting på plate.
Boka er rikt illustrert og har ny notesats, for fyrste gong på over hundre år.

Fakta