Gigantsalget fortsetter!
Min side Kundeservice Bli medlem

Varsel, venting, vandring

vegar inn i Tarjei Vesaas' diktarlandskap

Tarjei Vesaas skreiv Det store spelet, Fuglane og Is-slottet, men han skreiv også Fars reise, Signalet og Brannen. Dei sistnemnde verka har ein viktig plass i denne boka. Artikkelsamlinga Varsel, venting, vandring. Les mer

300,-
Paperback
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Tarjei Vesaas skreiv Det store spelet, Fuglane og Is-slottet, men han skreiv også Fars reise, Signalet og Brannen. Dei sistnemnde verka har ein viktig plass i denne boka. Artikkelsamlinga Varsel, venting, vandring. Vegar inn i Tarjei Vesaas' diktarlandskap tek for seg fleire av dei Vesaas-verka som har kome i skuggen av dei store bøkene, men som likevel fortener merksemd.

Dei behandlar tema som den kollektive handlings.lamminga, menneske som kjempar mot destruktive krefter og oppleving av demoniserte tilstandar. Formspråket til Vesaas blir utforska, der påverknaden frå det tyske ekspresjonistiske teateret er tydeleg og der ein ser korleis diktaren skriv fram dramatiske .situasjonar som er absurde og skremmande. Dessutan viser artiklane kor sentral allegorien er i diktinga.

Boka inneheld, i tillegg til ein oversynsartikkel, 10 ulike artiklar om 10 ulike verk - alle med kvar si teoretiske tilnærming. Slik får ein eit samansett bilete av tekstane, og ein får eit inntrykk av kor mangfaldige og utømmelege dei er. Lesarreaksjonar og kritikarreaksjonar blir også lagt vekt på. .Vesaas-teksten er open og inviterer til ulike lesingar. Dette fortel oss korleis litteratur kan bli vurdert frå ulike ståstader og perspektiv.

Sveinung Nordstoga er dosent i norskdidaktikk ved Institutt for .lærarutdanningsfag, Høgskolen i Telemark. Han har publisert fleire bøker og artiklar om norskdidaktiske og litterære emne.

Detaljer

Forlag
Novus
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
230
ISBN
9788270998333
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2015
Format
23 x 16 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Varsel, venting, vandring:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Mer

Tom Victor Gausdal
Paperback 
272,- 299,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv