Min side Kundeservice Bli medlem

Frå Nora til Karl Ove

og 84 andre personar i norsk litteratur

Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro har nylese mengder av norsk skjønnlitteratur og valt å portrettere og skildre korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i fleire v dei beste norske bøkene hgjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar». Les mer

299,-
E-bok
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro har nylese mengder av norsk skjønnlitteratur og valt å portrettere og skildre korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i fleire v dei beste norske bøkene hgjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar».

Her får du møte sagaens Gunnar frå Lidarende, Oskeladden, Wergelands Stella og Petter Dass i eigen person. Du kan lese om opprørske Inger-Johanna i Familien på Gilje, Tusten hos Tarjei Vesaas og den gåtefulle «Lillelord» hos Johan Borgen. Ikkje minst får du vite meir om personar frå vår tids litteratur, som incestofferet Bergljot hos Vigdis Hjorth, kemner Bjørn Hansen hos Solstad og den heilt gjennomsnittlege Harry Lund i Gryttens Bikubesong.

Frå Nora til Karl Ove er ei engasjerande og underhaldande bok, som opnar opp den norske litterære gullrekka for gamle og nye lesarar.

Jan H. Landro (f. 1948) er tidlegare journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Han har skrive ei rekkje bøker, mest om litteratur. Landro er i dag frilansjournalist og ein populær «bokbadar» og føredragshaldar.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788252194739
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2018

Les utdrag

Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Frå Nora til Karl Ove:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv