Min side Kundeservice Bli medlem

Båtar i Møre og Romsdal

Band 3 : Geitbåten som system

Denne boka set geitbåten inn i ulike samanhengar. Geitbåten representerer ein måte å rekne og måle på. Vi kallar det gjerne posisjonsbyggjeri. Geitbåtbyggjaren held seg ikkje til plane projeksjonar, men til koordinatar i ein romleg abstraksjon. Les mer

719,-
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Denne boka set geitbåten inn i ulike samanhengar. Geitbåten representerer ein måte å rekne og måle på. Vi kallar det gjerne posisjonsbyggjeri. Geitbåtbyggjaren held seg ikkje til plane projeksjonar, men til koordinatar i ein romleg abstraksjon.
Geitbåten står for eit omfattande system av storleikar. Vi har ikkje tal på kor mange. Det er glidande overgangar frå dei minste til dei største. Hovudstorleikane er trebandsfæring (to par årer), melfæring (to par årer og midtirom = mel), trerøring (tre par årer), fyring (fire par årer), femring (fem par årer), seksring (seks par årer), sjurøring (sju par årer), åttring (åtte par årer) og sambøring, som er ein stor føringsbåt.
Båtane kan vera tilpassa ulike føremål, og det kan vera meir eller mindre tydeleg kva dette er. Vanlege brukstilpassingar er desse: ærendsbåt, allsidig bruksbåt, kastarbåt (for fiske med snøre), skyssbåt, linebåt, sildegarnsbåt, torskegarnsbåt, sildenotbåt, aurenotbåt, føringsbåt, kyrkjebåt og krøtterbåt. Det har jamvel funnest ein særskild slags båt for frakting av lik.
Båtane står også i ein kulturgeografisk samanheng. Ytre vilkår, skog, hav, vêr og tradisjon spelar inn på denne. Jamvel hus og gjenstandar som høyrer saman med båtar og sjøfart, er delar av systemet båt.
Ved denne store kompleksiteten blir geitbåten ståande som ein perspektivgjevar som andre båttypar kan sjåast i lys av. Det er neppe nokon andre som er så komplette som geitbåten, men alle har i seg eitt eller fleire element av tilsvarande karakter. Såleis er boka aktuell for alle som interesserer seg for tradisjonsbåtar.
God lesnad!

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
282
ISBN
9788245035056
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Format
27 x 20 cm
Serie
Båtar i Møre og Romsdal 3
Dei gamle forsto mykje 2

Bla i boka

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Båtar i Møre og Romsdal:

Oselvar

Kjell Magnus Økland
Innbundet 
545,- 599,-
 

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Oselvar

Kjell Magnus Økland
Innbundet 
545,- 599,-
 

Et ute

Sigrid Henjum
Innbundet 
305,- 349,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv