Min side Kundeservice Bli medlem

Laks, lordar og lokalmat

Sivertsens og Gloppen Hotell gjennom 150 år

I 2016 er det 150 år sidan Joachim E. Sivertsen fekk løyve til å drive gjestgjevarstad på Sandane. Dette var starten på det som skulle bli Sivertsens Hotel. Frå slutten av 1800-talet kom engelske sportsfiskarar til Sandane, og Gloppeelva vart kjend som ei av dei store lakseelvane på Vestlandet. Les mer

473,-
Innbundet
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

I 2016 er det 150 år sidan Joachim E. Sivertsen fekk løyve til å drive gjestgjevarstad på Sandane. Dette var starten på det som skulle bli Sivertsens Hotel. Frå slutten av 1800-talet kom engelske sportsfiskarar til Sandane, og Gloppeelva vart kjend som ei av dei store lakseelvane på Vestlandet.

Fram til 1980-talet var hotellet eigd og drive av familien Sivertsen, i fem generasjonar. Etter eit kort mellomspel tok ein ny familie over både eigarskap og drift: Frå 1994 har familien Moen styrt hotellet - som no heiter Gloppen Hotell.

Laks, lordar og lokalmat er ei forteljing om desse 150 åra, frå varsam start som skjenkestad med enkel overnatting til konferansehotell med vekt på lokal mat og lokale mattradisjonar. Gjennom tiåra har drifta veksla mellom gode og tyngre år, men eigarane har vist stor evne til å tilpasse drifta til stadig skiftande vilkår og behov.

Boka har eigne kapittel om laksefisket i Gloppeelva og om framveksten av turisme i Sogn og Fjordane. Gjennom eit rikt utval av eldre og nyare fotografi er dette også ei forteljing om utviklinga av tettstaden Sandane.

Detaljer

Forlag
Selja forlag
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
183
ISBN
9788282401098
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2016

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Laks, lordar og lokalmat:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv