Min side Kundeservice Bli medlem

Runde fyr

"de Søfarende til Hielp og Tieneste" gjennom 250 år

Runde fyr frå 1767 med «bifyret» på Valderhaug frå 1772 kan reknast som den fjerde eldste fyrstasjonen i Noreg og den eldste nord om Stad. Breisundet, der byen Ålesund seinare kom, var ein viktig møtestad ved kysten. Les mer

325,-
Innbundet
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Runde fyr frå 1767 med «bifyret» på Valderhaug frå 1772 kan reknast som den fjerde eldste fyrstasjonen i Noreg og den eldste nord om Stad. Breisundet, der byen Ålesund seinare kom, var ein viktig møtestad ved kysten. Her fekk gründeren Peter Friderich Koren løyve av kongen til å setje opp eit «Bluss-Fyhr» på Runde og ei «Søe-Lygt» på Valderhaug, begge «de Søfarende til Hielp og Tieneste».

Boka fortel historia om «fyring» gjennom 250 år, om skipsfart og forlis, losing og losliv, kartlegging og krig, Rundø tolldistrikt, fiskeri og hamneutbygging, telefon og vêrmeldingsteneste. Og ikkje minst om livet på fyrstasjonen og dei som levde og verka der - den siste familien flytta frå fyret i 1956. Dagens fyr på Kvalneset på fugleøya Runde er automatisert og avbemanna, og er eit turmål og ei turisthytte ytst mot havet.

Detaljer

Forlag
Selja forlag
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
136
ISBN
9788282401203
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2017
Format
27 x 22 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Runde fyr:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv