Trønderveven 2021
Sverresborg Trøndelag Folkemuseum (Utgiver) Museene i Sør-Trøndelag (Utgiver) Sør-Trøndelag historielag (Utgiver)
Skolehistorie og skolen i museumsformidlinga er gjennomgangstema i denne årboka til Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og Sør-Trøndelag Historielag. Dei ulike bidraga dekker mange forskjellige skoleslag, alt frå allmugeskolar i byen og på landet til lærarseminar, landsgymnas, folkehøgskole og Døveskolen i Trondheim, som var den første spesialskolen i landet. Les mer
250,- Spar: 22,-
Logg inn for å se din bonus
Skole og opplæring har vore ein berebjelke i demokratiutviklinga. Kunnskap og ferdigheiter i ulike fag har gitt barn og unge grunnlag for å bli aktive samfunnsborgarar. Allmugeskolen i Noreg går heile 280 år tilbake i tid, og hundre år seinare kom den organiserte opplæringa for lærarar. Folk med funksjonsnedsetting fekk lovfesta rett til opplæring i 1881, 140 år etter at allmugeskolen vart innført. Latinskolar hadde eksistert i byane frå mellomalderen. På tidleg 1900-tal kom landsgymnasa. Folkehøgskolane vart etablerte i andre del av 1800-talet. Alle desse skoleslaga finn vi representert i den trønderske skolehistoria.
Detaljer
- Forlag
- Museumsforlaget
- Innbinding
- Paperback
- Språk
- Norsk Bokmål
- Sider
- 145
- ISBN
- 9788283051261
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2021
- Format
- 24 x 17 cm
- Serie
-
Trønderveven