Min side Kundeservice Bli medlem

Nærast er du når du er borte

dikt i samling

"Fraseringa og ordbruken er like enkel og brutal som husmannskåra han kom frå. [.] Nærast er du når du er borte [hyser] ein del høvesdikt som Jonsson prenta psevdonymt medan han var journalist og redaktør i dei fyrste etterkrigsåra. [.] Dei avromantiserer biletet av den depressive sjølvmordaren som dikta for æva, og syner ein Jonsson like samansett som A.O. Vinje: Den alvorlege poeten er ein gjøglande bladmann òg.

Håvard Rem, Dag og Tid

Ny utgåve, utvida med 50 dikt

Tor Jonsson er rekna som ein av våre mest markante essayistar og diktarar. Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. Les mer

390,-

429,- Spar: 39,-

Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Ny utgåve, utvida med 50 dikt

Tor Jonsson er rekna som ein av våre mest markante essayistar og diktarar. Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. «Eg åtte ikkje kjærleik», skriv Tor Jonsson i eitt av sine dikt. Han har likevel skrive seg inn i norsk litteraturhistorie med eit par av våre mest kjende kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte».


Nærast er du når du er borte. Dikt i samling inneheld dikt frå dei fire diktsamlingane Mogning i mørkret, Berg ved blått vatn, Jarnnetter og Ei dagbok for mitt hjarte. I tillegg finn du nokre av dikta han skreiv til avisene Dølenes Blad og Hallingdølen og tidlegare upubliserte dikt frå privatarkivet.


Tor Jonsson (1916-1951) vaks opp i tronge kår i Lom i Gudbrandsdalen. Jonsson skreiv i alle sjangrar, men det er lyrikk og essays han er mest kjent for. I sitt korte liv rakk han å bli ein etablert forfattar med fire kritikarroste diktsamlingar, i tillegg til skodespel og artiklar.

Medlemsvurdering:
Oppdager alltid noe nytt ved Johnson sine dikt.Anbefales.

Ole Volehaugen

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
267
ISBN
9788234004933
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Format
21 x 14 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

"Fraseringa og ordbruken er like enkel og brutal som husmannskåra han kom frå. [.] Nærast er du når du er borte [hyser] ein del høvesdikt som Jonsson prenta psevdonymt medan han var journalist og redaktør i dei fyrste etterkrigsåra. [.] Dei avromantiserer biletet av den depressive sjølvmordaren som dikta for æva, og syner ein Jonsson like samansett som A.O. Vinje: Den alvorlege poeten er ein gjøglande bladmann òg.

Håvard Rem, Dag og Tid

Medlemmers vurdering

O
Ole Volehaugen – 04.05.2021

– Oppdager alltid noe nytt ved Johnson sine dikt.Anbefales.

Oppdag mer

Bøker som ligner på Nærast er du når du er borte:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

2070

Bjørn H. Samset
Innbundet 
363,- 399,-

Ekko

Lena Lindgren
Innbundet 
345,- 379,-

Herre

Niels Fredrik Dahl
Paperback 
229,-
 

Embla

Bjørn H. Samset
Innbundet 
318,- 349,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv