I diktet har du fått eit evig liv

å stride mot undergangen med ord

«Tolkingane vekkjer appetitten på meir av poesien til George Mackay Brown.»

Kjetil Berthelsen, Dag og Tid

Å dikte er ein strid på liv og død, og det diktaren kjempar mot, er sin eigen undergang. Livet er forgjengeleg, og det gjeld å halde fast på det vakre, det opphavlege og reine.

Diktarane i denne samlinga kjempar mot undergangen på kvar sin måte. Les mer

349,-
Sendes innen 3 virkedager
Å dikte er ein strid på liv og død, og det diktaren kjempar mot, er sin eigen undergang. Livet er forgjengeleg, og det gjeld å halde fast på det vakre, det opphavlege og reine.

Diktarane i denne samlinga kjempar mot undergangen på kvar sin måte. Dei er fire diktarar frå dei britiske øyane, frå England, Skottland og Wales, med kvar si særeigne stemme og biletverd.

William Shakespeare (1564-1616) held i sine sonettar fast på biletet av sin kjære. Kven denne kjære er, veit vi ikkje. Men dei fire hundre år gamle dikta står som lysande freistnader på å halde dette biletet fast i rim og rytme.
For Dylan Thomas (1914-1953) er det diktarens eige sinn, i møte med det forgjengelege livet og den trugande døden, som får sitt uttrykk i dikt. Vi kan nesten kjenne den glødande intensiteten i striden, der Thomas kjempar over skrivebordet, medan haugen av samankrølla ark blir større og større på golvet.
For Ronald Stuart Thomas (1913-2000) er det sjølve det menneskelege som er truga av undergang i møte med den moderne verda. Thomas nærer djup forakt for alt det moderne, som han omtalar som maskina. Stilt overfor maskina, freistar han trassig å halde fast på det ekte og opphavlege.
Det er Orknøyane som er George Mackay Brown (1921-1996) sin arena. Bileta hans er så reine at berre det vesentlege står att, og lesaren kan stige inn i dei med sine eigne assosiasjonar.

Utval og gjendikting er ved Hans Johan Sagrusten.

Detaljer

Forlag
Efrem forlag
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
96
ISBN
9788292922941
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2024
Originaltittel
I diktet har du fått eit evig liv
Format
21 x 14 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Anmeldelser

«Tolkingane vekkjer appetitten på meir av poesien til George Mackay Brown.»

Kjetil Berthelsen, Dag og Tid

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på I diktet har du fått eit evig liv:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Tippi
Ny!

Tippi

Valérie Péronnet
Innbundet 
349,-
 

Valget

Ralph Henk Vaags
Innbundet 
359,-
 

Utopia

Thomas More
Innbundet 
409,- 449,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv