BESTSELGERSALG – bøker fra 79,-
Min side Kundeservice Bli medlem

Svikne dagar

roman

Det er bare å gle seg - Svikne dagar har alt vi ønskjer oss av Elena Ferrante, her er svikefulle menn, store kjensler og ikkje minst: Ei fantastisk leseoppleving. Les mer

390,-

429,- Spar: 39,-

Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Svikne dagar er umiskjenneleg Ferrante-kvalitet - samtidig som boka byr på noko heilt anna enn Napoli-kvartetten. Det er ei bok om svik, sorg og sinne, men også om å hente fram fighteren i seg sjølv.

Eit samlivsbrot er sjeldan vakkert. Men det kan vel knapt bli verre enn det Elena Ferrante skildrar i Svikne dagar

«Dette er Elena Ferrantes beste roman. Ikke til å legge fra seg.»
Jon Rognlien, Dagbladet

Sviket
38 år gamle Olga har vore ei trufast og god kone for Mario. Ho har oppdratt ungane, halde huset i stand, tatt vare på kroppen sin, hatt ekteskapeleg sex, vist måtehald og fornuft i alt og eitt. Kort sagt: oppført seg fint, slik ho har lært at ein skal, for å halde på mannen sin. Men til kva nytte, spør ho seg sjølv, den dagen han kjem heim og rolig fortel at han vil skiljast. Å nei, det er inga ny kvinne, seier han. Men snart innrømmer han at jo da, det er det. Olga spør seg sjølv kven ho skal vere, no når ho ikkje lenger er kona til Mario? Ho kastar all stoltheit over bord og prøver lokke han tilbake, utan hell.

«Å lese Ferrante er som å følge en fresende lunte med blikket; hver eneste linje gløder bortover siden.» 
Catching #Ferrantefever

Så ein dag ser ho Mario og den nye kvinna på gata. Med stigande gru innser ho at kvinna er Carla, den tjue år gamle dottera til ei venninne Olga og Mario braut med fem år tidlegare, fordi ungjenta Carla la an på Mario. Frå seg av raseri slår Olga laus på eksmannen. Etter dette raknar hennar kontrollerte ytre for alvor.

«Hvis du fortsatt ikke er grepet av Ferrante-feber og lurer på hvor du skal begynne, vil jeg anbefale Svikne dagar.»
Gayle Lazda, London Review of Books

Gripande kvinneportrett
Svikne dagar er ei tidvis mørk og rå bok, men først og fremst eit gripande portrett av ei kvinne som har mista det ho trudde var kjærleiken, det ho har bygd heile livet sitt på. Det er lett å kjenne seg att i Olgas strev etter å vere «flink pike» og halde familien samla, men også i raseriet hennar når det går opp for henne at Mario er tapt for alltid, og at innsatsen hennar dei siste femten åra har vore bortkasta. Ho føler ein djup ambivalens overfor alt frå schäferhunden Otto og dei to ungane til gamle vener og nye elskarar.

«... en fortelling så sterk at den i lange stykker gjør vondt å lese.»
Leif Ekle, NRK P2

Skarp humor
Høyrest det trist og trasig ut? Vel, det er det ikkje. Det er rett nok både desperasjon og depresjon her, men det heile blir fortalt i ein skarp og humoristisk tone som gjer det nesten uråd å ikkje humre av teksten. Svikne dagar har noko uvant friskt og usentimentalt over seg, og er rett og slett ei lettlesen, underhaldande og morosam bok om noko mange opplever: å bli forlaten av den ein elskar, miste fotfestet i livet - og prøve finne det på ny.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
220
ISBN
9788252193336
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2017
Originaltittel
I giorni dell'abbandono
Format
21 x 14 cm
Nr
8095108

Om forfattaren

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante eit internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.

Medlemsblad

 

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Svikne dagar:

De tre

Valérie Perrin
Innbundet 
199,- 439,-
 

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

De der

Joyce Carol Oates
Innbundet 
375,- 429,-
 

Atlas

Lucinda Riley
Innbundet 
169,- 479,-
 

Stargate

Ingvild H. Rishøi
Innbundet 
308,- 339,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv