Vintertonar
«Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det. Forteljinga held og held tilbake, mens lesaren heile tida kjenner seg klok og ivrig til å kome seg vidare, til å hjelp Isak, systera Rakel og faren saman, om det så er for ein siste gong. Vintertonar er ein sterk søknad om å bli hugsa langt ut over bokhausten.»
Vidar Kvalshaug, BOK365
Kan ein reparere ein knust familie?
«Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene.
Les mer
Logg inn for å se din bonus
«Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?»
Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Språk
- Nynorsk
- ISBN
- 9788234000768
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2019
Lytt til utdrag
Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven
Anmeldelser
«Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det. Forteljinga held og held tilbake, mens lesaren heile tida kjenner seg klok og ivrig til å kome seg vidare, til å hjelp Isak, systera Rakel og faren saman, om det så er for ein siste gong. Vintertonar er ein sterk søknad om å bli hugsa langt ut over bokhausten.»
Vidar Kvalshaug, BOK365
«Tårene renner - les! En perle av ei bok - ei bok du ikkje glemmer.»
Ine Bertelsen, Litteraturformidlar
«Ei litterær perle. Ei vondgod bok som tvingar ein til å dikte med, lure, undrast ... Sluttkapittela er så gripande at denne lesaren leste og tørka tårer. Nydeleg lesnad.»
Jarl Waage, Dagbladet
«En svært god og viktig roman ... Vintertonar er lett å lese, har sterkt driv, solid språk og gode formuleringer.»
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad
«Med den nyaste boka si, Vintertonar, har Anders Totland uredd kasta seg inn på eit nytt tabu-område; konemishandling. [...] Med boka har han klart å senda strimer av lys inn i eit stort mørke ...»
Trude Aarsand, Kvinnheringen
«... gripende og tankevekkende ... Forfatteren skildrer den anspente og trykkende stemningen i familien på en svært overbevisende, fåmælt og ladet måte.»
Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad
«Ei lita perle av ein roman.»
Knut Arild Hareide, stortingsrepresentant
«Ei lågmælt, sterk og tankevekkjande bok ... Boka viser at folk har heilt ulike minne av same fortid, og opnar opp eit mangfald av såra livserfaringar, men er heilt utan bastante svar.»
Helge Torvund