Min side Kundeservice Bli medlem

Det står til liv

kortprosa og foto

BORTANFOR: Å forstå at du skal døy er som å få barn, berre med motsett forteikn. Mens du ventar, har du tankar om barnet som skal koma, korleis alt skal bli. Men du kunne ikkje førestilla deg romma som skulle opnast i deg, rom med kjærleik som berre var meint for dette. Les mer

329,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

BORTANFOR: Å forstå at du skal døy er som å få barn, berre med motsett forteikn. Mens du ventar, har du tankar om barnet som skal koma, korleis alt skal bli. Men du kunne ikkje førestilla deg romma som skulle opnast i deg, rom med kjærleik som berre var meint for dette. Salar du ikkje ville kjent om det ikkje var for barna du fekk elska. Slik finst det også andre løynde rom. At me ein gong skal døy, det veit me alle. Men før di tid blir målt opp, strekker ikkje tankekrafta til. Først når du veit di tid blir kort, blir romma opna som var meint for denne sorga, denne einsemda. Desse kotta er også dine, her skal du trø inn. Også her finst lys. Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto, skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom og den som er open for livet - og ikkje minst den som er begge delar.

Siri Økland (f. 1967) er journalist og bur i Bergen. Ho er utdanna litteraturvitar, er gift og har tre barn. Det står til liv er hennar første bok. Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto, skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom og den som er open for livet - og ikkje minst den som er begge delar.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788252195040
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2018

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Det står til liv:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv