Min side Kundeservice Bli medlem

Bodils spiskammers

Verdas søtaste jordbær og plommer, saftig kje, lam og svin, doggfriske urter, nytrekt laks og aure. Kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem finn inspirasjon og råvarer i heimbygda Gloppen i Nordfjord når ho lagar oppskriftene sine. Les mer

473,-
Innbundet
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Verdas søtaste jordbær og plommer, saftig kje, lam og svin, doggfriske urter, nytrekt laks og aure. Kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem finn inspirasjon og råvarer i heimbygda Gloppen i Nordfjord når ho lagar oppskriftene sine.

«Bodils spiskammers» byr på lekre rettar og menyar til kvardag og fest - med drikketips til kvar rett. Oppskriftene byggjer gjerne på gamle mattradisjonar, men har ein moderne vri.

Bodil har laga oppskrifter på forrettar, hovudrettar og dessertar som er enkle å følgje, og av råvarer alle finn på butikken.

Bodil Fjellestad Eikrem (f. 1981) har bakgrunn frå velrenommerte restaurantar som Lofoten fiskerestaurant i Oslo og Spisekroken i Bergen, og gjer no suksess som kjøkkensjef på Gloppen hotell. Ho er også kåra til årets Bondelagskokk i 2013/2014.

Bodil brenn for ureist mat, og meiner tett samarbeid med lokale mat- og drikkeprodusentar er nøkkelen til suksess. Mange av desse vert presenterte i boka.

Spennande mat på freistande fat.

God appetitt!

Detaljer

Forlag
Selja forlag
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
184
ISBN
9788282400817
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2014

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Bodils spiskammers:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv