Min side Kundeservice Bli medlem

Enno var dei kroppar

Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt.

Rapportar om mangel på vatn, avskoging, etnisk utreinsking og konkrete følgjer for menneska som blir ramma, er dikta inn. Les mer

329,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt.

Rapportar om mangel på vatn, avskoging, etnisk utreinsking og konkrete følgjer for menneska som blir ramma, er dikta inn.

Ei kvinne finn ein baby forlaten i ein park, ein skog blir invadert, ei bestemor med to barnebarn ser fram mot å krysse ei landegrense.

Bakteppet for desse forteljingane er klimakrise, politiske konfliktar, sosiale og økonomiske ulikskapar. Mange av desse menneska lever under harde kår. Nokre er komne fram dit dei skal, andre kjem ikkje vidare. Gjennom brutalitet og svik, men òg med omsorg og strimer av håp, blir vi vitne til korleis livet fortonar seg for millionar av menneske verda over.

Marit O Kaldhol (f. 1955) debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken og har skrive bøker i dei fleste sjangrar for både vaksne, barn og unge. Ho har mottatt fleire prisar.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788234004551
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021

Les utdrag

Åpne utdrag her

Bla i boka

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Enno var dei kroppar:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv